Skriv ut

Ikkje nye innkjøpsreglar i Sverige i år?

Publisert 10. March 2006 09:00

Göran Persson
Göran Persson, Statsminister i Sverige

Det vert knapt nokon nye innkjøpsreglar for det offentlege i Sverige i år. Regjeringa der er seinare ute med sitt framlegg om nytt lov- og regelverk enn ein rekna med. Sentrale kjelder i grannelandet i aust meiner derfor at det no er lite sannsynleg at ein får fram eit nytt sett med reglar som kan ta til å verke i år.

Då dei svenske styresmaktene skulle førebu innfasing av dei nye EU-føresegnene for offentlege innkjøp i sitt eige regelverk, sette dei i sving ei såkalla einmannsutgreiing. Tidlegare regjeringsråd Leif Lindstam, no pensjonist, vart ”einmannsutgreiaren” som då fekk ansvaret for førebuinga av revisjonsarbeidet når det gjeld lova om offentlege innkjøp i grannelandet. Det er ikkje han åleine som greier ut. Han har eit sekretariatet og ei referansegruppe til disposisjon.

700 sider

Første del av utgreiinga, som tok for seg EU-føresegnene og følgjene av dei for svensk lovgjeving, kom på vårparten førre året. Dokumentet var på 700 sider. Det vart sendt på høyring, og neste steg i prosessen er at regjeringa gjer eit framlegg som, etter svensk praksis, skal på høyring i lagrådet. Det er eit organ med lovkunnige. Etter at framlegget har vore der, lagar regjeringa ein proposisjon til Riksdagen.

I Sverige ventar ein no på framlegget som skal til lagrådet. Det tek lengre tid å lage dette enn det ein hadde rekna med, og såleis vert heile resten av prosessen også seinka. Nämnden för offentlig upphandling (NOU) skriv på heimesida si at det er lite truleg at dei nye reglane ta til å gjelde i 2006.

Meir utgreiing

Men einmannsutgreiaren Lindstam held fram med del to av oppdraget han fekk. Denne delen er snart klar, og etter planen skal han overleverast 20. mars. I denne delen tek utgreiaren for seg einskilde emne, til dømes framlegg til reglar for e-auksjonar og dynamiske innkjøpssystem. Om det òg kjem noko framlegg eller synspunkt når det gjeld innkjøpssentralar og rammeavtalar, får ein vente med å sjå til dokumentet ligg føre.

Dessutan er det venta at han skal sjå nærare på nokre problemstillingar som er knytte til innkjøp under EU/EØS-treskelverdiane. Mellom desse utmaningane er spørsmålet om kunngjeringssystem for oppdrag med ein verdi lågare enn dei nemnde treskelverdiane.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Regelverk

Geografiske områder

Sverige

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]