Skriv ut

Tek sertifikat i offentlege innkjøp

Publisert 24. March 2006 09:00

Oslo Rådhus

Nærare 40 tilsette i Oslo kommune er i gang med ei heilt annleis førarprøve. Det gjeld ikkje å få sertifikat for bilkøyring denne gongen, men å få sertifikat i offentlege innkjøp. Med andre ord er dei med på det sertifiseringsprogrammet for innkjøp som Oslo kommune no har sett i gang. Det er bygt opp av fem bolkar, og ein gong kvar månad fram til sommaren skal dei 40 møtast for å lære seg mest mogeleg om korleis eit godt og ansvarleg innkjøp vert gjort.

Oslo kommune kjøper varer og tenester for om lag 10 milliardar kroner kvart år, og det er til saman 4 000 tilsette i kommunen som gjer små og store innkjøp. No har kommunen sjøsett eit sertifiseringsprogram for innkjøp.

Programmet femner om fem modular. Den første av desse, som no er gjennomført, gjeld samkjøpsavtalar, innkjøpsportalen til kommunen, ansvar og regelverk forutan sjølve innkjøpsprosessen i kommunen. For tida har Oslo kommunen 20 samkjøpsavtalar, og 10 nye er rett rundt hjørnet. Då er det viktig at den innkjøpsansvarlege veit om dei produkta og tenestene som avtalane femner om, og gjer seg kjend med dei føremonene og pliktene som følgjer med kontraktane.

Neste bolk av programmet gjeld reglane for offentlege innkjøp, så kjem tingingar som ein eigen bolk, deretter den fjerde modulen, som tek for seg standardkontraktar, tenestekjøp, tevlingsutsetjing og tingar/utførar-rollene. I den femte bolken er emna miljøeffektive innkjøp, etikk og evalueringar.

Samling kvar månad

Kvar modul vert gjennomgått på samlingar som går over to dagar. Det er jamt ei samling i kvar av månadene fram mot sommaren. Bak programmet står avdelinga for konserninnkjøp og effektivisering i kommunen.

På den første samlinga møtte 40 representantar frå ulike avdelingar og einingar. Renovasjonsetaten og helse- og velferdsetaten var særskilt godt representerte. Når desse har fullført sertifiseringsprogammet, skal dei, etter det som er skrive på Internett-sida til kommunen, vere dei fremste ressurspersonane når det gjeld innkjøp.

Bodskapen til dei som var med på den første samlinga, var at innkjøp er eit fag som krev opplæring og trening om ein skal bli god. Nokre prinsipp må følgjast, og det finst nokre fallgruver. Innkjøp er eit fag eller eit handverk som må gjerast av dugande personar. Når kommunen kjøper for så mykje pengar som han gjer, skal det ikkje mykje slendrian til før store summar vert kasta ut av vindauget. Reglane for offentlge innkjøp ligg i botnen. Det som skapar ein god innkjøpar, er ikkje å kjenne reglane ut og inn, men å kunne stelle dei rette spørsmåla.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Oslo kommune

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]