Skriv ut

Reglar for OPS-konkurs

Publisert 16. June 2006 10:00

Liv Signe Navarsete
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Foto: Svein Erik Dahl/Samfoto

Samferdselsdepartementet held no på å førebu evalueringa av dei tre vegprosjekta som er gjennomførde etter modellen offentleg-privat samarbeid (OPS). Samstundes kjem regjeringa med eit lovframlegg som skal regulere kva som skal skje dersom eit OPS-selskap går konkurs. Det var Stortinget som vedtok at tre europavegstrekningar skulle byggjast etter ein OPS-modell.

Ein OPS-kontrakt mellom staten og eit selskap inneber gjerne at selskapet skal ta seg av finansiering, bygging, drift og vedlikehald av ei vegstrekning i opptil 25 år. Når denne tida er omme, er det staten som tek over ansvaret for anlegget, og dei skyldnadene som OPS-selskapet har hatt, gjeld ikkje lenger. Av avtalen går det fram at selskapet får eit vederlag frå staten i avtaleperioden.

Men så kan det hende at OPS-selskapet undervegs går konkurs. Kva skal skje då? Det er det som no vert regulert med ei endring i veglova. Dersom minst halvparten av det statlege vederlaget skal betalast etter at vegen er opna for trafikk, heiter det, skal det ikkje vere høve for konkursbuet i selskapet til å gå inn som part i avtalen i staden for det opphavlege selskapet. Staten bør òg, etter dette framlegget, ha rett til å gå ut av avtalen – heve avtalen – dersom OPS-selskapet ikkje lenger kan gjere opp for seg.

Tryggje interesser

Grunngjevinga for lovendringane er at ein vil tryggje interessene til staten og dei som har gjeve lån til prosjekta. Slik reglane er i dag, er det ikkje så greitt å sjå når og om konkursbuet har eller ikkje har rett til å gå inn i OPS-avtalen. Det vert peika på at ein rett for konkursbuet til å gå inn i avtalen, kan få særs negative følgjer for staten og långjevarane. Det at konkursbuet skulle vere ansvarleg for å oppfylle avtalen med staten, kan for staten innebere ein risiko for misleghald av avtalen – med tilhøyrande risiko for at tryggleiken til trafikantane ikkje vert teken vare på.

Det er tre riksvegprosjekt som har OPS-stempel i dag. For to av dei gjeld at dei er finansierte og bygde etter avtale med staten. Her er OPS-selskapa no inne i den delen av avtalen med staten som gjeld vedlikehald og drift. Det er E39 Lyngdal–Flekkefjord og E39 Klett–Bårdshaug i Sør-Trøndelag. Eit tredje prosjekt, E18 Grimstad–Kristiansand i Vest-Agder, er ikkje kome lenger enn at ein reknar med å gjere kontrakt i år.

Ein OPS-kontrakt

Staten held ei tilbodstevling for å velje ut det selskapet som ein skal gjere OPS-kontrakt med. Dette selskapet er oftast samansett av mellom anna ein entreprenør og eit finansieringsmiljø. Selskapet som får kontrakten, etablerar då eit underselskap for bygginga og eit anna underselskap for drift og vedlikehald. På Island er OPS-praksis ein annan. Der er det ikkje det offentlege som tek over etter at kontrakttida er over, men det offentlege trekkjer seg heilt ut. OPS på Island gjeld for det meste bygging av skolar og liknande.

Kring i verda finst det OPS-kontraktar på både 40 og 50 år. Når det er lange kontraktar, er det sjølvsagt slik at OPS-selskapet kan gå over ende undervegs. Då trengst det reglar for kva som skal skje då. Det er det regjeringa har gjort framlegg om til Stortinget her heime.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Personer

Liv Signe Navarsete

Virksomheter

Samferdselsdepartementet

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Offentlig-privat samarbeid

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]