Vil kjøpe frå eigne utan tevling
Publisert 15. September 2006 09:00

Kommune-Sverige går til åtak mot kravet om at det skal vere tevling om oppdrag mellom kommunar/fylkeskommunar og dei selskapa dei eig. Desse selskapa kan i Sverige berre ta oppdrag frå eiga eller andre kommunale einingar, og dei skal ikkje drivast med vinst. Det er rett og slett ein måte å organisere kommunal tenesteproduksjon på. Kravet om at slike kjøp óg skal tevlingsutsetjast, skapar mykje ekstra byråkrati, heiter det, og er ein hemsko for effektiv ressursutnytting.
Sveriges Kommuner och Landsting er KS i grannelandet, og dei er komne med ei fråsegn med krav om å la kommunale selskap sleppe å bli tevlingsutsette. Kommunale forvaltingar slepp, heiter det, og då bør det same gjelde selskapa som kommunane eig, og som driv utan vinstføremål. Dei bør òg sleppe. Selskapa driv allmennyttig verksemd, og dei yter tenester til folk i kommunen. Frankrike og Italia har gjort unntak for eigne selskap, og Finland tek sikte på det same, står det i fråsegna.
Synspunkta kjem fram fordi svenskane for tida arbeider med framlegg til ny lov om offentlege innkjøp, og det er i dei nye reglane kommunane og landstinga (fylkeskommunane) vil halde dei kommunale selskapa utanfor kravet om å bli utsett for tevling. I Sverige får ikkje eit kommunalt selskap drive med vinst, og dei får heller ikkje ta oppdrag frå andre enn kommunen sjølv.
Eigedomsforvalting
Det er til dømes i eigedomsforvaltinga at dette med tevling skapar problem, peikar Kommune-Sverige på i fråsegna si. Etter framlegget til ny lov blir det så å seie umogeleg å samordne forvaltinga mellom ein kommune og eit kommunalt selskap utan å gå vegen om ein tilbodsprosess. Det er eit hinder for ei rasjonell samordning, ikkje minst fordi ekspertane i selskapet allereie tek hand om mange av dei andre eigedomane til kommunen.
Eit anna døme på kor vanskeleg det vil vere med tevlingskravet, er om ein kommune skulle ønskje å kjøpe sentralbordtenester frå ein annen kommune eller eit landsting. Då må ein gå vegen om ein tevlingsrunde, som krev mykje ressursar og kostnader – og som skapar ekstra byråkrati.
Avfallshandtering
Avfallshandteringa er eit anna døme. I Sverige har nær 120 kommunar valt å organisere avfallshandteringa gjennom eit samarbeid. Det gjev kompetanse og storleik som trengst for å utvikle verksemda og gjennomføre satsing på miljø. Men så har fleire dommar i Sverige ført til at det er reist tvil om at det er rett av kommunane å organisere avfallshandteringa på denne måten. Eit selskap som fleire kommunar eig, skulle leggje til rette for attvinning ved å drive ein felles stasjon for føremålet,. Dette vert stogga etter ei rettssak der konklusjonen vart at dei først måtte ha ei tilbodstevling.
Samanlikna med domsavseiingar i EF-domstolen, meiner Sveriges Kommuner och Landsting at svensk praksis er for streng, og at det finst spørjeteikn som styresmaktene må ta alvorleg. Og Kommune-Sverige krev at det vert knesett ein rett for kommunar og landsting til å gjere innkjøp frå eigne selskap eller selskap dei eig saman med andre kommunar eller landsting utan å måtte gå tevlingsvegen.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Næringer, sektorer og bransjer
Fylkeskommunal, Kommunal sektor

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)