Skriv ut

Kjøper meir og meir økologisk mat

Publisert 15. December 2006 09:00

Ekocentrum

Kommune-Sverige har på eit par år nesten dobla sine kjøp av økologiske matprodukt. Det syner ei undersøking som vart gjennomførd i grannelandet sist haust. Rett nok er tala små – frå 2,5 til 4,1 prosent av innkjøpsbudsjetta for matvarer. Men talet på kommunar og landsting som no har politiske vedtak om å auke kjøp av økologiske næringsmiddel til storhushalda sine, er nær dobla på seks-sju år. Fire av ti vil auke sine kjøp av økologiske produkt i åra som kjem, og dei som gjev økonomisk støtte til slike miljøvenlege kjøp, ligg lengst framme.

Dei som laga undersøkinga, heiter Ekocentrum, som held til like utanfor Stockholm. Det er ei ideell foreining med det føremålet å arbeide for betre miljø og berekraftige produksjonsmetodar. Informasjonssentrum for økologiske produkt, kallar dei seg. Det er fjerde gongen dei gjer ei slik undersøking: 1999, 2001, 2003 og i juni–august i 2006. Det kom inn 190 svar frå landsting (fylkeskommunar), regionar, kommunar og bydelar i Stockholm og Göteborg. Svarprosenten var 54.

I gjennomsnitt gjeld noko over fire prosent av budsjetta som svararane nyttar til kjøp av næringsmiddel, økologiske produkt. Det er ein auke frå 2,5 prosent i 2003. Fleire einingar i Kommune-Sverige no enn før kjøper økologiske næringsmiddel. Til dømes kjøper åtte prosent av dei mellom 10 og 20 prosent økologisk. I 2003, går det fram av undersøkinga, var dette talet berre 3 prosent. Dei som har teke til å kjøpe økologisk, held dessutan fram med det i aukande grad.

Vil kjøpe meir økologisk

42 prosent av kommunane og landstinga i undersøkinga vil auke sine innkjøp av økologiske matvarer i dei næraste åra, medan 22 prosent seier at dei ikkje har tenkt å gjere det.

Over halvparten av dei som svarar i undersøkinga, fortel at det er gjort politiske vedtak om å auke innkjøpa av økologiske produkt til dei offentlege storhushalda. Attende i 1999 låg det føre slike vedtak berre i 28 prosent av kommunane og landstinga i Sverige. Talet på offentlege regionale og lokale einingar som har sett seg prosentmål for kor mykje økologisk dei skal kjøpe, har vorte dobla sidan 2003.

Med i avtalane

Nesten tre av fire kommunar og landsting har økologiske næringsmiddel med i sine avtalar, og det er i gjennomsnitt 44 økologiske produkt med i avtalane. Mjølk er den mest populære – 86 prosent av dei som er komne med svar i undersøkinga, seier at dei kjøper økologiske mjølkeprodukt.

12 prosent av svararane gjev ei økonomisk støtte for meirkostnaden ved kjøp av økologiske produkt. Dei som gjev slik støtte, høyrer heime mellom dei som kjøper mest økologisk, etter det undersøkinga syner. Gjennomsnittet for dei som gjev økonomisk støtte, er seks prosent mot fire prosent i gjennomsnitt for alle som har svara i undersøkinga.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Miljøkrav

Geografiske områder

Sverige

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]