Skriv ut

Risikerer å få straffegebyr

Publisert 23. November 2007 09:02

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) risikerer å få straffegebyr fordi dei i år har gjort fleire kjøp på ein rammeavtale som no er over fem år gammal, og som i si tid ikkje vart kunngjord. Såleis er desse avropa ulovlege direktekjøp. Dette vert slått fast i ein granskingsrapport som no ligg føre. Men ingen har førebels klaga DSB inn for KOFA for desse kjøpa, så det er mogeleg at dei slepp med skrekken. På den andre sida – klagefristen i slike saker er ikkje gått ut enno.

Granskinga vart utførd av PriceWaterhouseCoopers (PWC), og det var direktoratet sjølv som bad om ei slik. Mellom dei kontraktane dei fann, var det ein rammeavtale som vart gjord i juni 2002. Fram til no er det handla varer på avtalen for om lag 16,5 millionar kroner. PWC skriv at dei i undersøkingane sine korkje finn at avtalen er utlyst, eller at det er gjort freistnader på å få inn andre tilbod som kunne tevle med avtalepartnaren.

Det går fram av avtalen at han skulle gjelde i to år, men dersom han ikkje var oppsagd innan tre månader før avtaleperioden gjekk ut, vart han fornya for eitt år til. PWC noterer seg at det er kjøpt etter avtalen heilt fram til august i år, og då meiner dei at avtalen ikkje er oppsagd. Dei finn òg at verdien av avtalen slik han opphavleg var, er så høg at han skulle ha vore kunngjord. Det er den samla verdien på avtalen, ikkje det einskilde avropet, som er avgjerande, heiter det.

Alvorlege brot

Såleis ligg det føre to alvorlege brot på reglane: Avtalen skulle ha vore utlyst og andre tilbod henta inn for å få til tevling. I rapporten vert det òg peika på at ein rammeavtale under vanlege omstende, som i dette høvet, ikkje skal vare lenger enn fire år. Men denne avtalen ser ut til å gjelde framleis – over fem år etter at han er gjord. PWC finn ikkje nokon grunn for at det skal nyttast regelunntak her, men skriv at fordi avtalen ikkje vart utlyst, gjeld eigentleg ikkje problemstillinga om avtalelengda.

I granskinga fann PWC heller ikkje protokoll eller nokon annan dokumentasjon som syner kva som er gjort i samband med tilbodsprosessen og kontrakten. Dette er regelbrot – både det at dei ikkje har skrive protokoll, og det at det ikkje finst annan dokumentasjon heller som gjer det mogeleg i ettertid å sjå kva som har gått føre seg.

Straffegebyr?

For å streke under kor alvorlege brot på innkjøpsreglane DSB verkeleg har gjort seg skuldig i denne saka, trekkjer PWC fram den regelen om straffegebyr som vart teken med i innkjøpsregelverket for snart eit år sidan – frå 1. januar i år:

- Som det går fram, vart rammeavtalen gjord i strid med kravet til utlysing. Avrop på avtalen vil av denne grunn kunne sjåast på som ulovlege direktekjøp. Som det er gjort greie for, er det gjort avrop på rammeavtalen etter 1. januar 2007. DSB risikerer derfor å få gebyr for avrop på rammeavtalen etter 1. januar 2007, heiter det i granskingsrapporten frå PWC.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Avrop, Gebyr, Rammeavtale

Annet

Gransking

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]