Avlyste då tevlinga ikkje var god nok
Publisert 25. January 2008 09:00

Dei gjennomførde ei tevling , fekk det dei hadde bede om, men meinte at tevlinga ikkje var god nok, og derfor avlyste dei tevlinga. Kommunen ønskte seg fleire leverandørar enn den eine som var komen med bod. Avgjerda vart klaga inn for KOFA (Klagenemnda for offentlige anskaffelser), som ikkje såg at reglane var brotne. Det låg føre ein sakleg grunn for avlysinga, heiter det.
Denne gongen gjaldt det eit kjøp av gravemaskinar. Kristiansand kommune trong tre slike og nytta ei tilbodstevling for å få inn bod. For to av maskinane gjekk det greitt, men ikkje for den tredje. Her måtte oppdragsgjevaren melde at han hadde sett seg nøydd til å avlyse tevlinga, og skreiv til tilbydarane at kommunen etter at tevlinga var i gang, hadde kome til at dei treng ein maskin som ikkje er godt nok skildra i tevlingsunderlaget. Rett nok hadde ein av tilbydarane kome med eit tilbod på ein slik maskin som kommunen ønskte seg, men det vart for lite tevling av slikt, meinte oppdragsgjevaren.
Førde med seg klage
Avgjerda om å avlyse førde med seg at den tilbydaren som hadde levert bod på den maskinen som kommunen ønskte seg, klaga. I grunngjevinga frå klagaren heiter det at alle tilbydarane hadde høve til å kome med bod på maskinar som låg innanfor dei rammene som det var gjort greie for i tevlingsunderlaget. Den maskinen som klagaren hadde gjort framlegg om, hadde spesifikasjonar som låg innanfor kravet til ”teknisk løysing”.
Då kommunen ikkje ville høyre på klagaren, gjekk denne leverandøren vidare til KOFA. I si vurdering skriv nemnda at ein oppdragsgjevar kan avlyse ei tevling på augneblinken dersom det ligg føre ein sakleg grunn. I gravemaskinsaka legg klagenemnda til grunn at det først var etter at tilbodsfristen var gått ut og tilboda frå leverandørane tekne imot, at kommunen fekk klarlagt kva slags løysing som var ønskjeleg når det gjeldt gravemaskinen.
Trong presisering
KOFA held fram med å peike på at då denne løysinga ikkje var fullnøyande presisert i tilbodstevlinga, var det berre éin tilbydar – han som klaga – som hadde kome med tilbod på ein maskin med dei rette spesifikasjonane. For å få til ei betre tevling gjorde så oppdragsgjevaren vedtak om å avlyse tevlinga slik at ho kunne kunngjerast på nytt med eit tevlingsunderlag som gav betre informasjon om dei krava ein ville setje.
Såleis fann klagenemnda ut at her låg det føre ein sakleg grunn for avlysinga, og då gjorde ikkje Kristiansand kommune noko gale då dei avlyste tevlinga si.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)