Kan nesten ikkje vere tydeleg nok …
Publisert 28. March 2008 09:00
![]()
Ein offentleg oppdragsgjevar kan nesten ikkje vere noggrann nok når det gjeld å tydeleggjere dei faktorane som skal leggjast til grunn ved kontrakttildeling. Leverandørane skal ha fullt innsyn, slik at dei kan vere visse på at samanlikninga mellom dei ulike tilboda går føre seg etter tungtvegande prinsipp som like vilkår, ikkje-diskriminering osb. Dette syner ei avgjersle i den finske Marknadsdomstolen, der ein oppdragsgjevar vart straffa sjølv om han ikkje hadde brote reglane. Han hadde berre ikkje gjort godt nok greie for det som skulle gjelde ved tilbodssamanlikninga.
I Finland er det Marknadsdomstolen som avgjer klagemål som gjeld offentlege innkjøp. Nyleg låg resultata føre frå tre ulike saker, der den same leverandøren gjekk til åtak på ein offentleg oppdragsgjevar og saksførehavinga til denne oppdragsgjevaren i tilbodsprosessane. Leverandøren vann ein av dei fire kontraktane som tevlingane femna om, men vart den tapande parten i dei andre. Det var kommunen Karis stad som var oppdragsgjevaren, medan Folkhälsan Raseborg AB var den leverandøren som klaga. Kontraktane gjaldt ymse helse- og sjukestelltenester.
Vart frikjend
Marknadsdomstolen frikjende kommunen på så å seie alle punkt unnateke eitt. Tildelinga av kontraktane skulle gå føre seg etter hovudkriteriet ”det som samla sett var det økonomisk beste”. Nokre underkriterium var nemnde i tevlingsunderlaget, og oppdragsgjevaren hadde der gjort greie for korleis han skulle samanlikne og gje poeng for prisen, like eins for dei andre delkriteria som skulle nyttast ved samanlikninga av tilboda. Domstolen peikar på at oppdragsgjevaren òg hadde gjort greie for vektinga av dei ulike kriteria. Poengsetjinga var dessutan ustyrt med ei verbal grunngjeving.
Men domstolen meinte at grunngjevinga for poengsetjinga ikkje var fullnøyande, slik at tilbydarane ikkje kunne få eit klart nok bilete av grunnlaget for samanlikninga mellom tilboda. Det gjekk til dømes ikkje fram av grunngjevinga, heiter det, kva faktorar i tilboda som poenggjevinga kvilte på, og kva faktorar som kunne påverke avgjersla.
God nok
Oppdragsgjevaren gjorde seinare nærare greie for grunngjevinga for dei ulike kriteria for Marknadsdomstolen, og det førde til at domstolen konstaterte at grunngjevinga var god nok. Ho kunne nyttast til å få eit klart bilete av kva faktorar som låg til grunn når tilboda skulle samanliknast.
Men det at desse grunnane ikkje gjekk tydeleg nok fram av tevlingsunderlaget, kosta oppdragsgjevaren nærare 25 000 kroner i kvar av dei tre sakene. Det var ikkje skadebot, men til dekning av sakskostnadene til den leverandøren som stod bak klagene i sakene. Marknadsdomstolen meinte i utgangspunktet at kvar av partane sjølv skulle bere desse kostnadene, men fordi oppdragsgjevaren ikkje hadde vore tydeleg nok med grunnlaget for innsyn i tilbodssamanlikninga, måtte han betale sakskostnadene til klagaren.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)