Brot på grunnleggjande prinsipp
Publisert 13. June 2008 09:00

EU-kommisjonen trugar to medlemsland med EF-domstolen fordi offentlege verksemder i dei to landa, etter kommisjonen si meining, har brote fleire av dei grunnleggjande prinsippa ved offentlege innkjøp. Det gjeld diskriminering på geografisk grunnlag, korkje like vilkår eller innsyn ved manglande kunngjering – og to rammeavtalar der innhaldet ikkje er føreseieleg. Austerrike og Spania er dei to medlemsstatane som no må forklare seg.
Den eine av sakene er frå Austerrike, og ho gjeld ei tevling om planleggingstenester i samband med utviding av militærbrakkene i Güssing. Kontrakten var verd om lag 20 millionar kroner. Det som EU-kommisjonen ikkje likte, og som dei meiner er eit regelbrot, er bruk av kvalifikasjonskriterium som favoriserer leverandørar som held til nær anleggsstaden. Dette kravet førte med seg at mogelege tilbydarar lenger unna vart avviste før dei i det heile kunne kome med bod på oppdraget.
Grunngjevinga frå dei austerrikske styresmaktene var at dei trong nokon som kunne drive fram prosjektet utan opphald, og då måtte dei halde til like ved. Det er ikkje kommisjonen imot, heiter det, og dei er opne for bruk av tildelingskriterium som sikrar at tenestene vert gjorde etter dei omsyna som styresmaktene peikar på. Kommisjonen nemner til dømes eit krav om at prosjektleiarane måtte ha snøgt tilgjenge til anleggsplassen. Men, held kommisjonen fram, i den austerrikske saka fekk berre leverandørar som var like i nærleiken kome med framlegg til korleis denne utmaninga skulle løysast. Det fekk ingen andre, og det er gale. Dersom Austerrike ikkje kjem opp med ei overtydande forklaring, kan EF-domstolen syne seg å verte det neste steget.
Tyskland og eigedom
Samstundes slepp Tyskland vidare oppfølging av ei sak som gjeld ei mogeleg bygging. Eit selskap som byen Flensburg eig, gjorde kontrakt med ei privat verksemd om sal av ein eigedom der planane var å reise bygningar som kunne passe til bruk for kommunal tettstadsutvikling. Dersom det ikkje vart noko av bygginga, skulle det kommunalt heileigde selskapet kunne kjøpe eigedommen attende. Men då kontrakten ikkje inneheldt ei juridisk plikt til å byggje, gjaldt saka korkje ein byggje- og anleggskontrakt eller -konsesjon, og Kommisjonen stogga derfor vidare arbeid med saka.
Spania og rammeavtalar
Men Spania slepp nok ikkje unna når det gjeld to rammeavtalar for kjøp av helikopter som skal nyttast til å overvake og støtte den nasjonale fiskeriflåten. Ein av avtalane vart gjord utan kunngjering, og begge opnar mellom anna for stendig forlenging av avtaleperioden. Dette tyder, skriv EU-kommisjonen, at leverandørar som ikkje fekk vere med i tevlinga om den kontrakten som ikkje var kunngjord, er utestengde frå denne marknaden så lenge denne avtalen gjeld. Ei mogeleg forlenging av avtaleperioden utan tidsavgrensing saman med andre punkt i avtalen som kan tilpassast undervegs, gjev kontraktvinnaren føremoner i marknaden, samstundes som dei som ikkje fekk avtale, vert skadelidande.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Virksomheter
Næringer, sektorer og bransjer
Avtaler, retningslinjer og lovgivning
Diskriminering, EF-domstolen, Konsesjon, Kontraktstildeling, Kunngjøring, Kvalifikasjon, Likebehandling, Rammeavtale, Tildelingskriterier

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)