Skriv ut

Kjem ikkje unna tevling ved barnevernskjøp

Publisert 5. September 2008 09:00

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Dersom det offentlege ikkje ønskjer å gjere barnevernstenester sjølv, men kjøpe dei frå private leverandørar, må oppgåvene tevlingsutsetjast på ein eller annan måte. Det gjeld anten det er ein svært stor kontrakt eller ein mindre, og anten det er kommersielle eller ideelle verksemder ein skal gjere kontrakt med. Dette går fram av eit brev som Fornyings- og administrasjonsdepartementet har skrive.

Frå tid til anna legg departementet ut på nettsida si brev dei har sendt. Det er brev der dei tolkar reglane for offentlege innkjøp. Rett nok strekar departement under at det ikkje er dei, men domstolane som har den endelege avgjerda om korleis reglane eigentleg skal skjønast. No har departementet offentleggjort eit brev dei har sendt til Barne- og likestillingsdepartementet om kjøp av barnevernstenester og innkjøpsreglane.

Det heiter i brevet at sjølvsagt kan det offentlege sjølv ta seg av desse tenestene. Då gjeld ikkje innkjøpsreglane. Heller ikkje finst det reglar som seier at det offentlege må tevlingsutsetje nokon av tenestene. Reglane om offentlege innkjøp gjeld først dersom det offentlege har bestemt seg for å kjøpe slike tenester frå private.

Uprioritert teneste

Barnevernstenester er etter EØS-reglane såkalla uprioriterte tenester. Det tyder, skriv departementet, at det ikkje er noko EØS-krav om å følgje dei detaljerte prosedyrereglane i innkjøpsdirektivet ved kjøp av slike tenester. Men dei grunnleggjande prinsippa i EØS-retten gjeld, mellom anna like vilkår, innsyn og etter proporsjonar. Desse prinsippa inneber òg at det må opnast for bruk av tevling i marknaden for leverandørar i heile EØS-området – dersom kontrakten har grensoverskridande interesse. Dersom ein kontrakt har slik interesse, er det såleis, etter EØS-reglane, i utgangspunktet ikkje mogeleg å gjere unntak for kravet om bruk av tevling.

Heller ikkje er det i hovudsak mogeleg å gjere unntak frå bruk av tevling ved kjøp av barnevernstenester dersom ein skal følgje det norske regelverket for offentlege innkjøp. Kontraktar som har ein verdi over 500 000 kroner, skal – etter det norske regelverket – gjerast etter eit sett prosedyrereglar som mellom anna set krav til kunngjering.

Ideelle organisasjonar

Dersom ein offentlege oppdragsgjevar ønskjer å kjøpe slike tenester frå ein ideell organisasjon, gjeld nokre unntak, mellom anna at ein ikkje treng gjere ei tilbodstevling eller kunngjere på doffin.no. Men ein slepp ikkje unna dei grunnleggjande krava her heller. Dersom det i det heile er mogeleg, skal det vere ei form for tevling også når det er ideelle organisasjonar det gjeld. Når verdien på kontrakten er så stor at han ligg høgare enn den nedre grensa for EØS-reglane, er det ikkje nok å velje ut to–tre leverandørar og så lla dei tevle. Då må ein ha ei breiare kunngjering om kva som er på gang, etter det departementet skriv.

FAD peikar dessutan på at når det gjeld kontraktar med ein verdi under 500 000 kroner, er det berre dei grunnleggjande prinsippa for tevling som gjeld – ikkje nokre særskilde prosedyrekrav.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Næringer, sektorer og bransjer

Barnevern

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]