Opp til oppdragsgjevaren å velje utvalskriterium
Publisert 31. October 2008 09:00

Det er opp til den offentlege oppdragsgjevaren å velje ut kriterium og samanlikningsgrunnlag for kontraktildeling dersom hovudkriteriet er det tilbodet som er det beste totaløkonomisk sett. Føresetnaden er at det er tydelege opplysningar i tevlingsunderlaget om kva det gjeld, og korleis utveljinga skal gå føre seg. Dessutan må kriteriet ha samanheng med det som er viktig for oppdragsgjevaren i den økonomiske heilskapen. Dette har Marknadsdomstolen i Finland nyleg slått fast i ei avgjerd.
Det var det tilbodet som samla sett var det økonomisk beste for oppdragsgjevaren, som skulle veljast. Prisen skulle telje 50 prosent, og ei rekkje andre kriterium – miljø, tenestekvalitet, tekniske eigenskapar osb. – skulle til saman utgjere resten. Avtalen hadde ein verdi på litt meir enn 1,5 millionar kroner. Han som klaga til Marknadsdomstolen, meinte oppdragsgjevaren ikkje hadde delt ut poeng slik han burde, men hadde gjeve den leverandøren som no var, fleire føremoner.
Marknadsdomstolen legg vekt på at ikkje-diskriminering og like vilkår er særs viktige omsyn når ein oppdragsgjevar skal vurdere tilbod. Like eins må det i tevlingsunderlaget greitt og tydeleg gå fram kva slags samanlikningar som skal gjerast for å finne det tilbodet som er best. I tevlinga var han som klaga, best på pris, medan den andre var best samla sett – 85 mot 80 poeng.
Hadde godt oversyn
Til stor hjelp for Marknadsdomstolen var det at kommunen hadde laga ein tabell der samanlikningane mellom dei to tilbydarane var oppførde, saman med ei stutt verbal utgreiing om dei ulike poengsummane i tabellen. Han som klaga, peikar mellom anna på at det i tevlingsunderlaget ikkje står noko om kor stor vekt kommunen skulle leggje på den økonomiske kompensasjonen ved sein eller manglande tenesteoppfølging. Klagaren kom ikkje med noko tilbod om kompensasjon, då han rekna at maskinane skulle fungere heile tida. Han som fekk kontrakten, hadde på si side skrive at i somme tilfelle kunne det kome på tale med ei godtgjering dersom tenestenivået i avtalen ikkje vart så godt som det skulle.
Etter Marknadsdomstolen si meining er det tydeleg sagt i tevlingsunderlaget at oppdragsgjevaren venta at det i tilboda skulle stå noko om kompensasjon eller godtgjering dersom tenestenivået ikkje vart halde. Tilbydarane har såleis kunna rekne med at dette talte mykje når oppdragsgjevaren skulle samanlikne tilboda, skriv domstolen, og held fram:
Har sagt frå
- Oppdragsgjevaren har rett til å avgjere kva slag samanlikningsgrunnlag som skal nyttast når ein skal finne ut kva for eit tilbod som totaløkonomisk er det beste. Kommunen har sagt frå om at denne kompensasjonen eller godtgjeringa er av stor verde for kommunen. Samanlikningsgrunnlaget har såleis hatt nær tilknyting til føremålet med innkjøpet og har med seg omstende som tel mykje for kommunen når han skal finne ut kor føremålstenlege tilboda er.
På denne bakgrunnen slår Marknadsdomstolen fast at oppdragsgjevaren hadde rett til å nytte dette kriteriet, og at han har følgt reglane. Domstolen finn ikkje at kommunen har diskriminert han som klaga. Også på dei andre punkta finn domstolen skilnader som går fram av vurderinga til kommunen, men ikkje at det har gått føre seg diskriminering, eller at ulike vilkår er lagde til grunn. Og då må han som klaga, betale nær 20 000 kroner i rettargangkostnader, ettersom han tapte heile saka.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Avtaler, retningslinjer og lovgivning
Regelverk, Tildelingskriterier, Vekting

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)