Skriv ut

Vil du kjøpe ein del av ein dansk motorveg?

Publisert 8. May 2009 09:00

Vejdirektoratet

Om nokre år kan det verte mogeleg for private å kjøpe ein del av ein ny dansk motorveg. Dette er ein del av finansieringsløysinga som no vert drøfta mellom dei danske vegstyresmaktene og fire førehandskvalifiserte konsortium i dialogfasen i den tevlingsprega dialogen som er skipa til. Prosjektet skal byggjast som eit OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid). Opplegget går ut på at den entreprenøren som skal byggje og drive vegen, kan få høve til å leggje ut pante- eller gjeldsbrev i marknaden til ein freistande kurs for investeringsviljuge investorar.

Danskane planlegg å byggje ein ny motorveg mellom Kliplev og Sønderborg, og Vejdirektoratet har valt å nytte tevlingsprega dialog for å få etablert ei ordning med OPS (offentleg-privat samarbeid) for prosjektet. For tida er dei i den såkalla dialogfasen, der dei drøftar ymse sider av prosjektet med fire førehandskvalifiserte konsortium. Dialogfasen skal etter planen strekkje seg fram til september. Det er på grunnlag av dei løysingane dei kjem fram til her, at den endelege tevlinga mellom konsortia skal gjerast. Motorvegen er kostnadsrekna til om lag ein milliard kroner.

Etter det bladet Licitationen skriv, er finansieringslysinga som vert drøfta, heilt spesiell. Vejdirektoratet kjem til å eige vegen både i anleggs- og driftstida, medan det konsortiet som får OPS-kontrakten, skal stå for planlegging, prosjektering, finansiering, bygging og drift innanfor avtaleperioden, som er 30 år. Som følgje av dette er det meininga at OPS-selskapet skal bere ein stor del av den risikoen som eigaren av vegen elles tek på seg.

OPS-finansiering

Finansieringsløysinga som vert drøfta for tida, inneber at det kan vere mogeleg for private å kjøpe ein del av vegen. Når vegen står klar til bruk, får entreprenøren som skal stå for driften av vegen, ein sum pengar av Vejdirektoratet. Summen ligg truleg i storleiken 250 millionar kroner. Men entreprenøren får òg pantebrev, gjeldsbrev eller ”tilgodelappar” på ein del av summen som han sjølv kan avgjere. Samstundes må entreprenøren stille ein garanti til Vejdirektoratet, slik at vegeigaren har noko å nytte dersom noko går gale undervegs i kontrakttida.

Dei pante- eller gjeldsbreva som entreprenøren får, kan dei gjere kva dei vil med. Dei kan ta dei sjølve og omgjere dei i pengar hos Vejdirektoratet etter kvart. Eit anna alternativ er å selje dei til interesserte og likvide kjøparar til ein freistande kurs. Frå Vejdirektoratet heiter det at dei gjerne vil at denne ordninga skal verte ein stor del av finansieringa.

Finanskrise

Drøftinga om finansieringsløysinga har elles gått føre seg samstundes med at finans- og kredittkrisa er komen til Danmark. Då er konsortia er vortne meir interesserte i kontantar enn i ordning med pantebrev og liknande. Rett nok er det pengar nok å låne, men det har vorte dyrare å gjere det.

Motorvegprosjektet Kliplev-Sønderborg er på 26 kilometer, skal byggjast med fire køyrebanar og stå ferdig på om lag fire år. Opninga er planlagd til 2013. Det skal mellom anna leggjast støydempande asfalt på heile strekninga. Kontrakten skal etter planen skrivast før jul i år.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Konkurransepreget dialog, Offentlig-privat samarbeid

Geografiske områder

Danmark

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]