Skriv ut

Milliardavtale gjev innsparing på 150 mill.

Publisert 8. May 2009 09:00

Helse Sør-Øst

Ei ny avtalepakke om kjøp av medisinske forbruksvarer er no i hamn. Omsetnaden er rekna til ein milliard kroner over to år, og det regionale helseføretaket Helse Sør-Aust sparer nærare 150 millionar kroner på rammeavtalane i pakka. Ikkje tidlegare har nokon i Skandinavia gjort ein så stor avtalepakke på dette området. Det er Sjukehuset Telemark som har styrt prosessen, men heile innkjøpsnettverket i det regionale helseføretaket har vore med.

I 2007 sette helseføretaket Helse Sør-Aust seg som mål at dei skulle redusere kostnadene gjennom meir effektive innkjøp og logistikkløysingar. Innan utgangen av 2009 skulle desse kostnadene ned med 400 millionar kroner. Eitt av verkemidla for å nå målet var å gjere avtaler som alle sjukehusa i det regionale føretaket kunne nytte.

No kjem det ei gledeleg melding frå føretaket. Eit prosjekt leidd av eitt av sjukehusa innanfor føretaket, Sjukehuset Telemark, har gjort avtale for kjøp av medisinske forbruksvarer som gjev store innsparingar. Berre for Sjukehuset Telemark inneber avtalane ei innsparing på 4,4 millionar kroner i dei to åra som avtalen gjeld. Dersom vi tek med innsparingane frå denne avtalen for alle sjukehusa innanfor det regionale føretaket, er vi snøgt oppe i 150 millionar kroner til saman.

Ein milliard kroner

Avtalepakka er samstundes den største i sitt slag i heile Skandinavia. Omsetnaden på avtalane i dei to åra dei gjeld, er rekna til om lag ein milliard kroner. Det er 60 leverandørar som er inne på avtalane, og han femner om meir enn 3500 ulike produkt. Det kom inn tilbod frå nærare 80 leverandørar, og fagmiljøa ved sjukehuset gjekk gjennom rundt rekna 20 000 produkt før dei var ferdige. Over 100 personar med ulik fagkompetanse har vore med i arbeidet med avtalane.

Det er sjukehus i heile Sør-Noreg som kan nytte avtalane, som inneheld alt frå urinkateter til operasjonstøy og -utstyr. Ikkje rart at direktøren for innkjøp og logistikk i Helse Sør-Aust, Andrs W. Skumsnes, er nøgd: - Dei nye rammeavtalane legg til rette for innsparingar som kan gje meir pengar til pleie av pasientar. Helse Sør-Aust har ansvar for å tryggje klok bruk av sams ressursar og middel til pasientomsorg. Betre innkjøp er eitt av tiltaksområda for å nå målet.

Vareforsyning

Rammeavtalane opnar dessutan for ei betre utnytting av sams vareforsyning til helseføretaka. Det vert òg meir effektive tingingar fordi det er laga ein varekatalog som syner alle dei varene det er gjort avtale for, og det sikrar avtalelojalitet og etterleving av lover og reglar. Desse katalogane vert utarbeidde og kvalitetsikra i nært samarbeid med fagmiljø i helseføretaka gjennom dei mange produktråda som er etablerte.

Det var Sykehuspartner som bad Sjukehuset Telemark leie prosessen som førde til den store avtalepakka, som er eitt av dei største prosjekta som innkjøpsnettverket i det regionale helseføretaket har handsama fram til no.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Helse Sør-Øst

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Rammeavtale

Annet

Innsparing

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]