Skriv ut

Et knippe innkjøpskunngjøringer

Publisert 13. May 2005 09:00

Hotellbygg ved Flesland, drift av nettverk av sykkelbyar, og elektronisk fakturering i tre fylkeskommunar – Vestfold, Buskerud og Telemark. Dette er stikkord for nokre av dei kunngjeringane om offentlege innkjøp som var å finne i Innkjøpsbilaget i Norsk lysingsblad i førre veka. Alle innkjøpskunngjeringane ligg i DOFFIN-databasen, http://doffin.norsk.lysingsblad.no.

Over EØS-treskelverdiane

Hotellbygg ved Flesland

Flesland Eiendom AS i Bergen skal byggje hotell, og det skal drivast av Choice Hotels Scandinavia. Hotellet får 200 rom, og samla grunnflate er 11 000 kvadratmeter. Kontrakttida er 16 månader, og tevlinga skal gjennomførast som tevling med tingingar. Fristen for å melde seg på til tevlinga med tingingar er 1. juli, og tilbodsokument vert sende til dei utvalde tilbydarane 15. august. Kontrakten er ein totalentreprise.

Persontransport med buss i Nordland

Nordland fylkeskommune skipar til ei open tilbodstevling for å gjere kontrakt om drift av bussruter i Alstahaug, Herøy, Dønna og Leirfjord kommunar forutan delar av Nesna og Lurøy, og drift av bussruter frå Alstahaug til og frå Mosjøen og Mo i Rana. Kontrakttida er frå 1. januar 2006 til 31. mars 2013. Bodfristen er 30. juni.

Produsentregister for elprodukt

Det statlege ureiningstilsynet ønskjer å gjere kontrakt for etablering og drift av eit produsentregister for elektroniske og elektroniske produkt. Registeret skal ta imot og lagre rapportar frå returselskapa, akkrediterte tredjepartar og Toll-og avgiftsdirektoratet. Til føremålet må den som får kontrakten, utvikle og setje i drift ei dataløysing, og det vert òg kravd at leverandøren skal utvikle og oppdatere ei internettløysing for registeret. Kontrakttida er frå 1. januar 2006 til 31. desember 2009, og dei som vil vere med i denne tevlinga med tingingar, må melde frå seinast 6. juni.

Gangbru over Drammenselva

Ei gangbru med høg estetisk og arkitektonisk kvalitet. Spanande og samstundes realistiske framlegg til utforming av brua. Det er det Drammen kommune ønskjer å få ut av den arkitekttevlinga dei skipar til. Kommunen gjennomfører ei avgrensa tilbodstevling. Det er ein føresetnad at den som kjem med framlegg, skal kostnadsrekne brua. Ho skal ha ei seglingshøgd på minst 6 meter, og kanskje er løysinga på det at ein del av brua må kunne opnast, heiter det i kunngjeringa.

Rilling av rullebanar

Avinor AS og Oslo Lufthamn skal gjere rammeavtale om rilling av rullebanar på lufthamner i Noreg. Avinor rillar rullebanane for å auke avrenning av vatn og redusere ”tørketida” for overflata. Det fører med seg mindre forbruk av kjemikal. Rammeavtalen skal gjelde i tre år – med opsjon for forlenging i eitt år. Fristen for å melde seg til denne tevlinga med tingingar er 3. juni.

Under EØS-treskelverdiane

Elektronisk handtering av fakturaer

BTV Innkjøp – Buskerud fylkeskommune skal gjere avtale om elektronisk fakturahandtering. BTV står for Buskerud, Telemark og Vestfold. Avtalen femner mellom anna om skanning og tolking av inngåande fakturaer, mottak av elektroniske fakturaer og integrering med den offentlege e-marknadsplassen (Markedsplassen ehandel.no). Fristen for å melde seg på til denne tevlinga med tingingar er 30. mai.

Treng tre respiratorar

Rikshospitalet-Radiumhospitalet er i marknaden for å kjøpe tre respiratorar. Kontrakt skal gjerast etter ei open tilbodstevling, og bodfristen er 8. juni.

Drift av nettverk for sykkelbyar

Det statlege vegstellet skal etablere eit fagleg nettverk for sykkelbyar. På den måten ønskjer vegstellet å kome i møte pålegget frå Stortinget om å fremje sykkelbruk. Ved sida av regionane i vegstellet er det meininga at kommunar og fylkeskommunar skal vere medlemer av nettverket. Drifta av nettverket skal tevlingsutsetjast, og det går føre seg gjennom ei open tilbodstevling. Dei som vil levere inn bod på drifta av sekretariatet for sykkelbynettverket, må gjere det innan 23. mai.

(Kunngjøringer)

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]