Skriv ut

Tordnar mot nytt avvisingskrav

Publisert 26. February 2010 09:00

Konkurrensverket

I krasse vendingar går Konkurrensverket i Sverige til åtak på eit framlegg frå ei utgreiing om at tilbydarar skal avvisast dersom dei ikkje kan syne fram ei risikoanalyse av arbeidsmiljøtilhøva hos seg. Tevlingsstyresmaktene viser til EF-domstolen, dei seier at framlegget kan gjere innkjøpsreglane enda meir innfløkte, og dei undrar seg over på kva måte eit slik krav får for følgjer for den grenseoverskridande handelen.

Den svenske utgreiinga heiter ”Marknadsorienterade styrmedel på arbetsmiljöområdet” (SOU 2009:97), og her vert det gjort framlegg om å gjere endringar i lova om offentlege innkjøp når det gjeld høve til å avvise leverandørar. Endringane skal berre gjelde for kjøp over EU/EØS-treskelverdiane, det vil seie det EU-direktivstyrde området. Det er ikkje framlegg som gjeld forsyningssektorane, B-tenester eller kjøp under dei nemnde treskelverdiane.

Konkurrensverket er særs lite nøgd med framlegget – og med utgreiinga elles når det gjeld det den har med seg om offentlege innkjøp. Tevlingsstyresmaktene peikar på at det er fleire opplysningar i utgreiinga som er direkte feil, og nemner desse i høyringssvaret sitt. Omgrep som vert nytta, er framande for offentlege innkjøp, heiter det, og tydinga av andre omgrep er mistydd.

Meir innfløkte reglar?

Fleire framlegg som er komne i det seinaste, skriv Konkurrensverket, har som føremål å nytte offentlege innkjøp til å nå andre samfunnsmål. Dette kan føre med seg at innkjøpsreglane vert enda meir innfløkte, og det er ikkje slik Konkurrensverket ser for seg utviklinga vidare. Dei vil gjere handteringa av reglane enklare, slik at òg mindre verksemder kan vere med i tevlingane.

Kravet i framlegget til endring av innkjøpslovgjevinga er at tilbydarar som ikkje har lagt fram ei risikovurdering som gjeld arbeidsmiljøet i verksemda si, skal avvisast frå tevlinga. Det er ikkje gjort greie for kva ein leverandør skal ha gjort, heller ikkje korleis han skal gjere denne risikovurderinga. Konkurrensverket peikar på at EF-domstolen i fleire saker har gjeve uttrykk for at dei grunnleggjande EU-prinsippa stengjer for nasjonal lovgjeving som fører med seg automatisk avvising av leverandørar.

Enkel formulering?

Konkurrensverket er heller ikkje samd i at mogelege formuleringar i lova om denne avvisingsgrunnen skal utformast enkelt. Forklaringa er at dei ikkje finn noko i utgreiinga som fortel om korleis kravet skal kunne utformast, bortsett frå ei utsegn der det heiter at kravet også kan utformast enkelt og lett tilgjengeleg.

Dersom ein slik regel skal inn i lova, er det ikkje nok å vise til ei anna lov, held tevlingsstyresmaktene fram, det må skrivast direkte inn i lova. Svenskane har elles enda ein innkjøpslov, nemlig den som gjeld fritt val-systemet, og utgreiingsframlegget er meint å skulle gjelde tevlingar etter denne lova òg.

Dessutan saknar Konkurrensverket analyse av følgjene for den grenseoverskridande handelen.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Konkurrensverket

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Arbeidsmiljø, Avvisning

Geografiske områder

Sverige

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]