Skriv ut

Dyrevernkrav kan gje ulike tevlingsvilkår

Publisert 5. March 2010 09:00

Konkurrensverket

Gryande svensk interesse for å stelle innkjøpskrav til gode vilkår for dyra som gjev oss matvarer og næringsmiddel, skapar utmaningar når det gjeld EU-reglane om like vilkår og ikkje-diskriminering. Konkurrensverket grip tak i dette i eit høyringsnotat ser regjeringa vert beden om å arbeide for å harmonisere lovgjevinga for dyrevern kring i Europa. Det vil gje like vilkår og meit tevling i marknadene, meiner tevlingsstyresmaktene, som strekar under at det verkeleg trengs for å få betre innkjøpsvilkår for kommune-Sverige.

Det har i det seinaste vore eit ordskifte i Sverige som gjeld krav i offentlege innkjøp til særskilt dyrevern. Slike krav kjem når ei offentleg verksemd skal kjøpe mjølk, kjøt eller andre næringsmiddel. Konkurrensverket har sagt at det ikkje er noko i vegen for å stelle slike krav, som då må vere tydelige og forutseielege. Dessutan må krava vere slik at alle leverandørar får dei same vilkåra og kan kome med tilbod.

Men Konkurrensverket har sagt at det ikkje er tillete å stelle krav om at dyrevernet skal vere slik som den svenske lovgjevinga på området tilseier. Eit slikt krav står i motsetnad til grunnleggjande EU-prinsipp og det som innkjøpsreglane gjer mogeleg. Føretak frå andre EU-land, som følgjer lovgjevinga der dei høyrer heime, kan då verte stengde ute frå tevlinga i Sverige.

Føretakskonsentrasjonar

I eit høyringsnotat i samband med utforming og innhald i den svenske dyrevernlovgjevinga tek Konkurrensverket opp problemstinngane som er knytte til krav om dyrevern og innkjøp av matvarer og andre næringsmiddel. I notatet peikar òg tevlingsstyresmaktene på at det på denne marknaden allereie er store føretakskonsentrasjonar i Sverige. Ved mange tilbodsrundar får fleire kommunar berre ein eller eit fåtal tilbydarar, og det gjev vilkår som kunne ha vore betre om det hadde vore god tevling i marknaden.

Eit anna poeng som Konkurrensverket lyfter opp, er at oppdragsgjevaren skal kontrollere at leverandøren oppfyller dei krava som er sette i tevlingsunderlag og kontrakt. Dersom oppdragsgjevaren ikkje gjer det, heiter det, kan det vere i strid med prinsippet om like vilkår. Det følgjer av ein dom i EF-domstolen. Ein leverandør som ikkje gjer som avtalt, kan å den måten få visse føremoner i tevlinga, og då vert det vriding i tevlinga i marknaden.

Men det er ikkje så lett for til dømes ein kommune eller ein fylkeskommune (landsting) å kontrollere leverandørane. Det er ressurs- og kostnadskrevjande, og distribusjonslenkjer med mange handelsledd gjer det for tida så å seie umogeleg å kunne gjere ein fullnøyande kontroll, skriv Konkurrensverket.

Harmoniserte EU-reglar

I notatet om dyrevernlovgjevinga gjer derfor Konkurrensverket framlegg om at regjeringa å arbeide for å harmonisere dei reglane for dyrevern som finst i dei ulike EU-landa. Då vil det vere opna for betre tevling i marknaden i samband med kjøp av matvarer og andre næringsmiddel. Det er ikkje minst viktig for innkjøpa som kommunane gjer.

Dersom Sverige har strengare dyrevernkrav enn andre land, fører det med seg eit handelshinder og høgare produksjonskostnader for dei føretaka det gjeld, held tevlingsstyresmaktene fram. Såleis bør regjeringa ta initiativ til jamlege evalueringar av føremoner og ulemper ved dyrevernreglane.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Konkurrensverket

Næringer, sektorer og bransjer

Helsesektoren, Kommunal sektor

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Dyrevern, Konkurranse

Geografiske områder

Sverige

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]