Statleg avtalelojalitet kontrollert kvart kvartal
Publisert 16. April 2010 09:00

Den danske statlege innkjøpspolitikken set strenge krav til avtalelojalitet: Alle som gjer innkjøp i den danske staten, skal nytte dei avtalane som er gjorde etter den fellesstatlege innkjøpspolitikken. At det vert gjort i det daglege, skal kontrollerast kvart kvartal gjennom rapportering frå kvart departement og verksemd. Dette går fram av den reviderte statlege innkjøpspolitikken som no er offentleggjord. Det er Økonomistyrelsen som skal overvake etterlevinga av politikken.
Det er ei revidert utgåve av den statlege innkjøpspolitikken som no er lagd fram. Innkjøpa som den danske staten gjer, er på om lag 30 milliardar kroner årleg. Det er kvar fjerde krone i dei samla driftskostnaden. I dei fire første åra av ordninga med eit overordna innkjøpsprogram reknar Økonomistyrelsen at staten har spart nær 800 millionar kroner årleg. Prinsippa som politikken kviler på er standardisering, koordinering og tvungen bruk av avtalane.
Innkjøpspolitikken gjev føringar for innkjøp som er fellesstatlege, det vil seie kjøp av varer og tenester som nyttast så å seie av alle statlege verksemder. Like eins femner den statlege innkjøpspolitikken om kjøp som to eller fleire departement finn ut at det er føremålstenkleg å gjere saman. Også større institusjonar i staten kan vere med på ei slik samordning. For dei fellesstatlege kjøp er det utvikla eit eige innkjøpsprogram.
Avbyråkratisering
Gjennom å ha ein slik overordna politikk slepp det einskilde departement å lage sin innkjøpspolitikk med tilhøyrande handlingsplan. Det kallar danske for ei avbyråkratisering.
Det er fire overordna krav i innkjøpspolitikken. Det eine er at departementa skal koordinere dei innkjøpa som eignar seg for det, på konsernnivå og medvirke til gjennomføringa av innkjøpsprogrammet. Så skal Økonomistyrelsen årleg lage ein plan for dei fellesstatlege innkjøpa, bygd på innspel frå kvart departement som gjeld kva slags kjøp dei treng gjere i året. Denne planen skal drøftas med departementa gjennom heile året, og ikkje vere ein plan som er gjort opp ein gong for alle. Føremålet er å ha eit grunnlag for vurdering av dei innkjøpskategoriane som det kan vere tenleg å gå saman om å handle.
Eit anna krav er at alle kjøp som vert gjorde, skal gjerast på dei fellesstatlege avtalane. Kvart kvartal skal departementa rapportere, og då vert det gjort ein gjennomgang av dei data for kjøp som kjem frå departementa. Dessutan heiter det i innkjøpspolitikken at kvar statleg verksemd skal nytte elektroniske verktøy til innkjøp der det er mogeleg og økonomisk tenleg. Økonomistyrelsen gjer merksam på at dei for tida har i gang eit prosjekt som siktar mot å kjøpe eit felles elektronisk system for støtte til innkjøps- og faktureringsprosessen for dei statlege styresmaktene.
Tema
Forutan ei kategorisering av dei ulike innkjøpa, inneheld den statlege innkjøpspolitikken ulike tema, som kan endrast når det er ønskjeleg. Med kategorisering meinast ei skisse for når kjøp eignar seg for fellesstatleg avtale, for avtale mellom nokre av departementa eller institusjonane, for kjøp på departementsnivå åleine og innkjøp som går føre seg på lågare statleg nivå. Særskilde kompetansekrav høyrer til. Detaljane for inndelinga kjem seinare i eit eige rundskriv, går det fram av innkjøpspolitikk-dokumentet.
Dokumentasjonskravet er òg eitt av temaa, saman med samfunnsansvar og grøne innkjøp. Det siste gjeld å få ein oversikt over dei reglane som gjeld og kan takast omsyn til, samle røynsler og tilrådingar og mogelege lenkjer eigna stoff om samfunnsansvar.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)