Å stille miljøkrav i innkjøp ligg dårlegast til
Publisert 23. April 2010 09:00

Mellom dei tre prioriterte miljømåla som statlege styresmaktene i Sverige skal rapportere på, ligg bruk av miljøkrav i offentlege innkjøp dårlegast til. Dette går fram av den første årsrapporten frå Naturvårdsverket som gjeld miljøverknaden av nokre tiltak som statlege verksemder har drive med i 2009. Berre 15 prosent av dei som har rapportert, melder at dei stiller miljøkrav i kvart einaste innkjøp. Naturvårdsverket skal framleis satse på å gje styresmaktene støtte og hjelp i arbeidet med å stille miljøkrav.
Den svenske regjeringa har vedteke at statlege styresmakter skal innføre miljøleiingssystem. Det har dei gjort fordi dei ønskjer å stimulere miljøarbeidet. Naturvårdsverket skal støtte styresmaktene i dette arbeidet, og dei skal kome med ein årleg rapport om korleis arbeidet går – bygd på opplysningar frå styresmaktene. Den første rapporten ligg no føre, og han gjeld 2009. Mellom anna skal styresmaktene følgje opp miljøverknadene innanfor tre område: tenestereiser og annan drivstoffbruk, energibruk og miljøkrav i tilknyting til offentlege innkjøp.
Til saman sleppte den svenske staten i 2009 ut 241 000 tonn CO2 frå tenestereiser og annan drivstoffbruk. Maskinar og bilar elles stod for den største delen, om lag 40 prosent, medan flyreiser over 50 mil og bilreiser stod for nærare ein tredel av utsleppet. Den samla statlege energibruken er etter rapportane rekna til 2,83TWh. Seks av ti styresmakter, nyttar heilt eller delvis fornybar energi.
Miljøkrav ikkje tydeleg nok
Når det gjeld miljøkrav, har 15 prosent stilt slike krav ved kvar gong dei kjøper, medan 19 prosent ikkje har nytta miljøkrav ein einaste gong i 2009, går det fram av rapporten frå Naturvårdsverket. Innkjøp er det av dei tre områda styresmaktene skal rapportere på, som færrast har meldt noko på, Mange av styresmaktene seier at omgrepet miljøkrav ikkje er tydeleg nok.
Etter rapportane følgjer nærare 70 prosent av styresmaktene opp kravet om å stelle miljøkrav, medan om lag kvar femte ikkje rapporterer om at dei nyttar slike krav. For resten har det ikkje vore eigna med miljøkrav førre året. Dei siste har gjerne nytta avrop frå statlege rammeavtaler eller direktekjøp, og desse kjøpa skal ikkje reknast med i rapporteringa.
Miljøkjøp for 32 mrd.
Verdien av statlege kjøp der miljøkrav var med, låg på mellom 26 000 og 14 milliardar kroner, Til saman var verdien 32,3 milliardar kroner, heiter det.
Naturvårdsverket skriver at det er oppsiktvekkjande få som har rapportert kva dei har fått til innanfor miljøvenlege innkjøp. Dei saknar døme eller definisjonar på kva miljøkrav eigentleg er for noko. Naturvårdsverket har laga ei rettleiing med ulike, konkrete tips om korleis styresmaktene kan følgje opp. Men, strekar verket under, er det slik at mange styresmakter framleis treng støtte i dette arbeidet. Naturvårdsverket skal såleis i tida framover utvikle støtte og hjelp til dei statlege styresmaktene på dette området.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)