Skriv ut

6 pst. av kontraktane til utanlandsk

Publisert 11. June 2010 09:00

Konkurrencestyrelsen

88 av 1400 kontraktar der nasjonalitet var registrert, gjekk til leverandørar som var registert på ein utanlandsk adresse – det vil seie nær seks prosent. Det kjem fram i tevlingsutgreiinga for 2010 frå Konkurrencestyrelsen i Danmark. I utgreiinga står det òg at det er ein auke i tevlingsutsetjinga i kommunane frå 2008 til 2009, sjølv om den er ganske liten, berre 0,2 prosent. Det store spørsmålet nå er om kommunane når det målet for tevlingsutsetjing som regjeringa har satt for dei i 2010 – opp frå 25 til 26,5 prosent.

Dei danske tevlingsstyresmaktene offentleggjer kvart år ei utgreiing om tevlingstilhøva i landet. No ligg utgreiinga for 2010 føre, og Konkurrencestyrelsen legg stor vekt på å rapportere frå den offentlege marknaden.

Det går fram av utgreiinga at Danmark kunngjer mellom 1600 og 1800 offentlege oppdrag i lysingsbladet i EU og TED-basen i året, etter det statistikken for tida mellom 2006 og 2009 syner. I 2007-2008 utgjorde verdien av desse kunngjeringane 21 prosent av den samla verdien av offentlege kunngjeringar. Det er ein auke på tre prosent frå 2006-2009, og plasserer Danmark over dert såkalla EU15-gjennomsnittet. Det er gjennomsnittet for dei som var medlem i EU før utvidinga austover for nokre år sidan.

Nasjonale leverandørar

Dei fleste oppdraga vert vunne av nasjonale leverandørar. Bare 88 av om lag 1400 danske kontraktar som var kunngjorde i EU-databasen TED (Tenders Electronic Daily) og som det var knytt nasjonalitet til, vart i 2008 heilt eller delvis kapra av ein leverandør som var registrert i utlandet. Konkurrencestyrelsen legg her til at dei dotterselskapa til dei utanlandske verksemdene med adresse i Danmark, ikkje er med i teljinga. Det kan vere relevant å ta dei med, held tevlingsstyresmaktene fram, når danske styresmakter til dømes kjøper store vareparti av multinasjonale verksemder som har produksjon i andre land, men med salsagentur i Danmark.

For å måle graden av tevlingsutsetjing er det i Danmark laga særskilde indikatorar for kommunane, for regionane og for staten. Dei er rett nok ganske ulike, slik at Konkurrencestyrelsen åtvarar mot å samanlikne graden av tevlingsutsetjing mellom forvaltningsnivå med utgangspunkt i resultata frå bruken av desse indikatorane.

Auke i tevlingsutsetjinga

Regjeringa har som mål at kommunane skal ha tevlingsutsett 26, 5 prosent av oppgåvene sine i 2010, og 31,5 prosent i 2015. Tala frå 2009 syner 25, prosent – opp 0,2 prosent frå året før. Prosentdelen gjeld betaling til private av driftsbudsjetta. Framleis er det mest tevlingsutsetjing på det tekniske området. I 2008 laga kommunane til dømes tevling i marknaden for berre 22,2 prosent innanfor sosial – og arbeidsmarknadsområdet.

For regionane syner tala at 19, 1 prosent av deira oppgåver vart tevlingsutsett førre året, medan dei statlege verksemdene tevlingsutsette 25,9 prosent.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Næringer, sektorer og bransjer

Kommunal sektor, Statlig sektor

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Konkurranseutsetting, Kunngjøring

Geografiske områder

Danmark

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]