Skriv ut

Oppgåver for sovande innkjøpsgruppe

Publisert 18. June 2010 09:00

EFTA

Arbeidsgruppa for offentlege innkjøp i EFTA har ikkje hatt eit einaste møte sidan januar 2008, og må såleis reknast som sovande. Men i samband med ein evalueringsrunde når det gjeld slike arbeidsgrupper, kjem Noreg med fleir framlegg som kan få arbeidet i gruppa i gang att. Her kan det bytast røynsler, drøftast initiativ som vert fremja i EU og EU-representantar kan inviterast til å halde foredrag for gruppa om arbeid knytt til offentlege innkjøp som EU er i gang med.

Det var tidlegare i år at EFTA sende ut eit spørjeskjema til medlemsstatane om røynslene med ulike arbeidsgrupper, mellom desse gruppa som er knytt til offentlege innkjøp. Svaret frå Noreg kom frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

I brevet frå Noreg vert det peika på at det ikkje er lett å gje noko detaljert svar, fordi gruppa berre har hatt eit møte sidan januar 2008. Rett nok kan ein notere seg den låge aktiviteten, heiter det, men kva som kan forventast frå medlemene i gruppa, leiaren og EFTA-sekretariatet når det gjeld aktivitet i gruppa, er usikkert. Men Noreg gjer framlegg om eit møte i gruppa der ein kan drøfte kva ein treng frå gruppa og kva ein ventar av gruppa.

Meininga med gruppa

Meininga med gruppa er at ho skal gje hjelp til informasjonsflyten i samband med til dømes nye reglar frå EU, kome med framlegg i EU-saker som gjeld EØS, og holde eit auge med ekspertar frå EFTA-land som er med i EØS-relevante utval og komitear i EU. Attåt dette kan det kome oppgåver som rette EFTA-instansar delegere dit.

Noreg peikar på at det fram til no ikkje har vore anna verksemd frå innkjøpsgruppa i EFTA enn det å sjå til at nye EU-reglar vert teke inn i EØS-avtalen. På dei andre punkta er det ikkje noko å melde, heiter det. Noreg ser at det kan vere interessant å nytte gruppa til å utveksle informasjon og røynsler EFTA-statane mellom, til dømes i samband med at det ligg føre nye politikkutspel i EU som gjeld offentlege innkjøp. Noko av det som vert drøfta i den rådgjevande komiteen for offentlege innkjøp i EU, kunne vere tema for møte i EFTA-gruppa. Ein kunne òg invitere EU-representantar til å presentere arbeid som er i gang i EU. Men, det er ikkje naudsynt berre å ha møte fordi ein formelt skal ha det, det må liggje føre ei sakliste som inneheld noko det er verd å sjå nærare på.

Drøfte EU-saker

Ofte er det slik at EU ønskjer å nytte offentlege innkjøp som eit verktøy til å nå andre politiske mål, til dømes innanfor miljø og energi. Ofte vert slike initiativ ikkje drøfta før framlegga er blitt direktiv, fordi ein ikkje har god nok oversikt over alt som går føre seg innanfor alle sektorane. Her kunne, går det fram av svaret får Noreg, EFTA-sekretariatet halde den naudsynlege oversikten og syte for at det som gjeld offentlege innkjøp vart drøfta i arbeidsgruppa i tide.

Noreg er ikkje samd med dei som meiner at innkjøpsgruppa i EFTA kan slåast saman med andre arbeidsgrupper. Eksepertar på offentlege innkjøp treng eit slikt forum for seg sjølv, men dersom det er saker der som interesserer fleire, kan ein ha sams sesjonar, skriv Noreg.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Personer

Arbeidsgruppe

Virksomheter

EFTA

Annet

Spørreskjema, Undersøkelse

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]