Skriv ut

Tapte tevling – står utan jobb

Publisert 25. June 2010 09:00

Anne-Grete Strøm-Erichsen
Foto: Torgeir Haugaard, Forsvarets mediesenter

Eit kommunalt rehabiliteringssenter tapte ei tevling om kontrakt med Helse Vest fordi det låg høgast av alle tilbydarane i pris, men relativt lågt på kvalitet. Lagnaden til senteret etter å ha tapt vart spørsmål i Stortinget, men helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (bilete) kunne ikkje noko gjere. Det er Helse Vest som har ansvaret, og dei offentlege innkjøpsreglane må etterlevast. Senteret har hatt kontrakt med Helse Vest fram til no, men framover står nytt bygg med 40 plassar utan pasientar og 42 tilsette står utan arbeid, etter det som er opplyst i spørsmålet i Stortinget.

Det er ikkje få spørsmål helse- og omsorgsministeren i den siste tida har fått frå Stortinget etter at eit eller anna helseføretak har kjøpt tenester i marknaden. I desse tevlingane er det gjerne tenesteytarar som for ein stor del har basert seg på den store offentlege kunden. Utan han kan det vere vanskeleg å drive, anten institusjonane er eigde av private, kommersielle interesser eller av ideelle organisasjonar. Dei som ikkje vinn fram, finn frå tid til annan ein stortingsrepresentant til å målbere saka si i form av eit spørsmål til helse- og omsorgsstatsråden.

Nyleg vart Voss Rehabiliteringssenter AS, som er eigd av Voss kommune, mellom dei som ikkje vann fram i ei tevling som Helse Vest RHF skipa til om kjøp av rehabiliteringstenester. Stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (fr.p.) ville gjerne ha ei vurdering frå statsråden, og om statsråden ville gjere noko med saka. Eit så å seie nytt bygg med plass til 40 pasientar og 42 tilsette med mykje røynsle innanfor rehabiliteringsområdet vert ståande utan arbeid frå 1. august, sa Reiertsen mellom anne som grunngjeving for spørsmålet.

Helse Vest har ansvaret

Statsråden svara at det er Helse Vest som har ansvaret for å gjere slike avtalar, og at det er reglane for offentlege innkjøp som gjeld. I tevlinga kom det inn åtte tilbod, to vert avviste, og resten vurdert etter kriterium som gjekk fram av tevlingsunderlag og kravspesifikasjon, mellom anna kvalitet, pris og korleis det var med tilgjenge.

Det kommunale eigde rehabiliteringssenteret på Voss kom relativt lågt ut på tildelingskriteriet kvalitet, skriv statsråden i svaret sitt. Senteret gav òg eit pristilbod som låg høgst av alle tilbydarane, og såleis nådde dei ikkje opp i tevlinga.

Ramma for denne tevlinga var opphavleg på 120 millionar kroner, men vart utvida undervegs med ti millionar til. I 2007 vart det gjort avtalar om dei same tenestene til nær 95 millionar kroner, fortel statsråden i sitt svar, og ho legg til at den samla kapasiteten i dei private opptreningsinstitusjonane er den same – omlag 235 plassar. Fagkompetansen og talet på tilsette er auka, slik at kvaliteten på tenestene er blitt betre.

Ny runde til hausten

Helse Vest legg planar for ein ny runde med kjøp av spesialiserte rehabiliteringstenester til hausten, og denne tevlinga kjem til å bli kunngjord i heile landet, seier statsråd Strøm-Erichsen.

Rehabiliteringssenteret på Voss var mellom dei som hadde avtale med Helse Vest, men fekk ikkje ny kontrakt ved denne krossvegen. Stortingsrepresentant Reiertsen meinte at det var temmeleg rart at ein ikkje kunne gjere seg nytte av desse plassane, og ikkje minst hjelpe til at tilbodet vert verande.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Personer

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Virksomheter

Helse Vest, Helsedepartmentet, Stortinget

Produktklassifisering

Rehabilitering

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]