Refsar bruk av lågaste pris i bygg og anlegg
Publisert 25. June 2010 09:00

I ein artikkel åtvarar leiaren i Entreprenørforeningen Bygg og anlegg (EBA), Jon Sandnes, kraftig mot den stendige bruken av lågaste pris som offentlege oppdragsgjevarar innanfor bygg og anlegg nyttar seg av. Følgjene blir, skriv han, at kompetansen forsvinn, rekrutteringa vert fallande, kvaliteten vert dårlegare, nyskapinga vert det heller ikkje så mye av, og – sosial dumping-spøkelset lurar i bakgrunnen.
Det er i spalta si i Byggeindustrien/bygg.no at Sandnes skriv slik. Han strekar òg under at EBA støttar arbeidet som Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) driv på med når det mellom anna gjeld å utvikle andre kriteriesett for tildeling av kontraktar enn pris. Sandnes meiner at regelverket for offentlege innkjøp er eit godt regelverk som det er mogeleg å få meir ut av enn det ein no ser.
Utgangspunktet til Sandnes er at sjølv store offentlege tingarar med profesjonell tingingskompetanse legg opp til at oppdrag skal tildelast til lågaste pris og at alternative tilbod skal avvisast. På lang sikt, hevdar han, er ein slik praksis ein effektiv pådrivar for mellom anna dårleg kvalitet, fallande rekruttering, manglande nyskaping og sosial dumping. Han nemner det statlege vegstellet og Jernbaneverket som døme på oppdragsgjevarar som for det meste legg opp til lågaste pris-tildeling.
Vinst å hente
Sandnes meiner at dersom det offentlege etterspør på meir enn berre lågaste pris, vert meir verdi bygd, rekruttering vert sikra og kompetanse teke vare på. Samfunnsvinstane synast å liggje i dagen.
Leverandørane kjem over tid til å slite med å få rekruttert unge menneske til ei næring som sårt treng slike, dersom den einase kompetansen som vert etterspurd, er å rekne billegast mogeleg. Ein kan , held han fram spørje seg om dette er eit spanande arbeid å nytte livet sitt på. Unge menneske som vi treng i næringa, har ambisjonar om å vere med på gode løysingar og skape verdiar med leveransane sine.
Oppkjøp og sosial dumping
Han viser òg til praksis i England, der det offentlege følgjer retningsliner som legg opp til at offentlege innkjøp må handle om kjøp av verdi, ikkje lågaste pris. Innkjøp, skriv Sandnes, som legg til rette for gode løysingar, funksjonar, livslaupsvurderingar og tidleg involvering, fører med seg noko som på lang sikt tener samfunnet og gjev meir for kvar offentlige krone som vert tinga. Ved å kjøpe på lågaste pris får ein over tid ikkje nokre av desse føremonene.
Ute i Europa er det slik at vel kjende og akta entreprenørar i Frankrike, Tyskland osb. Kjøpe opp firma i Polen, Kviterussland og Ukraina. Dei gjer det mellom anna fordi det offentlege i stor grad lar seg freiste av ¨å kjøpe berre på lågaste pris. Gjennom slike oppkjøp kan desse entreprenørselskapa vinne kontraktar på eigen heimemarknad til lågaste pris, med mellom anna sosial dumping-spøkelset i bakgrunnen. Over tid, skriv Sandnes i spalta si, kjem dette til å føre til at den naudsynte kompetansen til å løyse dei oppgåvene som skal løysast, til å verte borte.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)