Skriv ut

Minst sytten vegar til ulovlege direktekjøp

Publisert 2. July 2010 09:00

Konkurrensverket

Det er minst sytten mogelege måtar å gjere eit ulovleg direktekjøp på, skal ein tru Konkurrensverket i Sverige. Dei har laga ei liste med døme på kvar av dei mogelege måtane, for det meste henta frå avgjersler i EF-domstolen. Det grunnleggjande i alle dei døma som er lista opp, er at oppdragsgjevaren ikkje hadde kunngjort oppdraget – nok rettsinstansane eller andre offisielle organa som drøfta sakene, meinte han burde ha gjort.

Frå og med i sommar, rett nok til ulike tider, gjennomfører dei nordiske landa (Danmark, Sverige og Finland) endringar i reglane sine om offentlege innkjøp. Dei tek i bruk nye sanksjonar for å straffe regelbrot, særskilt ulovlege direkteinnkjøp. Her heime er vi ikkje komen så langt enno, men framlegget frå det såkalla handhevingsutvalet er for tida på høyring med frist 20. september.

Ei heilt ny sanksjon er mellom dei tiltaka som landa i tur og orden innfører, og det er å kjenne ein kontrakt for ”utan verknad” dersom det er klart at det har vore eit særs alvorleg brot på innkjøpsreglane. Andre ulovlege innkjøp kan straffast med gebyr etter nærare reglar som ser ut til å bli ulike frå land til land.

Ei samling døme

I samband med innføringa av dei mykje strengare reglane for ulovlege direktekjøp har dei svenske tevlingsstyresmaktene, Konkurrensverket, på nettstaden sin lagt ut ei samling døme på kva som eigentleg kan vere eit ulovleg direktekjøp. Det er døme på sytten ulike tilfelle, og dei er henta frå avgjersler i EF-domstolen eller nasjonale domstolar.

Konkurrensverket skriv at det òg kan vere andre regelbrot som kan syne seg å vere ulovleg direkteinnkjøp, enn dei som er med i samlinga med døme. Ofte er det dessutan slik at ein påstand om ulovleg direkteinnkjøp vert eit ordskifte om bruk av unntak frå kunngjeringsplikta. Etter den rettspraksis som EF-domstolen følgjer, skal alle unntaka frå denne plikten tolkast strengt, og det er han som hevdar at det er eit unntak som gjeld, som må prove at han har rett.

Liste med døme

Lista til Konkurrensverket ser slik ut:

• Påstand om at kunngjeringsplikta ikkje gjeld for kontrakten
• Oppdeling av kjøp for å kome under terskelverdiane for kunngjeringsplikta
• Store endringar i ein kontrakt som er gjord
• Avrop på ein rammeavtale som oppdragsgjevaren ikkje opphavleg er part i
• Rettar seg ikkje etter avgjerder i ein domstol
• Oppdragsgjevarar som eigentleg høyrer inn under innkjøpsreglane i det offentlege, men som sjølv nektar for det
• Kjøp frå eige selskap når nokre av dei naudsynte kriteria ikkje er oppfylde
• Nyttar tenestekonsesjon når det er tenestekontrakt
• Påstand om eit bygg- og anleggssoppdrag berre kan tildelast ein bestemt entreprenør
• Når leigekontrakten eigentleg er ein bygg- og anleggkontrakt
• Påstand om at kontrakten gjeld eigedomskjøp
• Tildeling av kontrakt på grunn av einerett utan at eit slikt grunnlag kan provast
• Krav om tekniske kvalifikasjonar utan at det kan dokumenterast at slike trengst
• Krav til kunstnarlege kvalifikasjonar utan at det kan dokumenterast at slike trengst
• Hasteinnkjøp utan at det kan dokumenterast at det er grunnlag for det
• Påstand om særskilte grunnar som ligg utanfor regelverket, utan å ha grunnlag for det
• Påstand om at ein tenestekontrakt ikkje skal kunngjerast fordi det gjeld ei forvaltingsteneste – utan å ha grunnlag for det.

Du finn lista med døme frå avgjersler i EF-domstolen og andre domstolar, ombod eller Konkurrensverket her

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Konkurrensverket

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Direktekjøp, Domstol, EF-domstolen

Geografiske områder

Sverige

Annet

Eksempler

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]