Krev ”tilbodsfrys” i helsesektoren
Publisert 23. December 2010 09:00

Opposisjonen i Stortinget ber i ei tilråding om at alle tilbodstevlingar innanfor helse- , omsorgs- og barnevernsområdet vert stogga, og at alle noverande avtalar med ideelle aktørar vert forlengde. Fleirtalet, regjeringspartia, tykkjer det er mykje gode intensjonar i dette framlegget, men ventar på ei utgreiing frå regjeringa. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjestatsråd Rigmor Aasrud meiner at mykje av det som står i framlegga frå opposisjonen kan vurderast nærare.
Tilrådinga frå næringsnemnda i Stortinget (Innst. 149 S (2009-2010) gjeld eit framlegg frå fire representantar frå Kristeleg Folkeparti om rammevilkåra for ideelle aktørar som driv innanfor helse-, omsorgs- og barnevernstenestene. Korleis det offentlege gjer kontraktar med desse er eit sentralt tema i tilrådinga.
Dei som står bak framlegget, gjer merksam på at det ikkje er krav til å nytte opne tilbodstevlingar ved kjøp av helse- og sosialtenester frå desse aktørane, men at det trass i unntaket i føresegnene vert gjort i ei rekkje tilfelle. Dette har ulukkelege følgjer for dei ideelle verksemdene, heiter det, bruken av opne tilbodstevlingar trugar livsvilkåra deira.
Rammevilkår
Kr.F-representantane ber om at det snøggast råd er, vert funne måtar å gje dei ideelle aktørane stabile, forutseielege og levelege rammevilkår. Medan slike vurderingar går føre seg, bør regjeringa gje ei endring i føresegnene for offentlege innkjøp som krev at alle oppdragsgjevarar berre skal følgje første delen av desse føresegnene når dei gjer avtale med ideelle aktørar. I den delen finst det berre allmenne prinsipp og retningsliner, ikkje detaljerte prosedyrereglar.
Regjeringspartia seier i tilrådinga at dei meiner at det er mykje gode intensjonar i framlegget frå Kr.F., men at dei vil ikkje gjere noko før dei har høyrt ei utgreiing om vilkåra for dei ideelle aktørane frå regjeringa. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjestatsråd Rigmor Aasrud har lova ei slik. Regjeringspartia, som har fleirtal i Stortinget, legg til at dei meiner at helse-, omsorgs- og sosialsektorane er lite eigna for tradisjonelle tilbodstevlingar.
Full tilbodsstogg
Kristeleg Folkeparti gjer i tilrådinga framlegg om full tilbodsstogg med ein einaste gong, og at alle tilbodsprosessar må frysast til nye retningsliner er på plass. Alle ideelle aktørar må løftast ut av tilbodsrundane, heiter det, og alle avtaler med ideelle aktørar må gjerast med direkte tingingar om kontraktar i staden for ved tilbodstevlingar. Avtaler som vert gjorde, må ha ei lengd på 8 + 4 år med mogeleg forlenging, og minst eitt års oppseiingstid. Kvalitet må vektast høgt, meiner Kr.F.
Statsråd Aasrud har signalisert til Stortinget at dei temaa som finst i representantframlegget er mellom dei som kan vurderast nærare i samband med den vurderinga regjeringa skal gjere når det gjeld vilkåra for dei ideelle aktørane i helse-, omsorgs - og barnevernsektoren.
Framstegspartiet og Høgre fremjar i tilrådinga frå næringsnemnda framlegg om at regjeringa må sjå til at dei noverande statlege avtalane med ideelle, ikkje-fortenesteinstitusjonar og andre private tiltak vert forlengde fram til Stortinget har drøfta ei sak om rammevilkåra for desse institusjonane.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Virksomheter
Ideelle virksomheter, Stortinget
Næringer, sektorer og bransjer
Avtaler, retningslinjer og lovgivning
Forhandlinger, Konkurranse, Kontraktstildeling, Rammeavtale

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)