Skriv ut

Ikkje bland saman!

Publisert 8. April 2005 09:00

Det bør lagast reglar som gjev forbod for offentlege styresmakter å blande tilsynsoppgåver saman med oppdragsverksemd som er på marknader der òg andre aktørar er, skriv det svenske Konkurrensverket i ei høyringsfråsegn. Verket peikar på at ei stor mengd utgreiingar og rapportar syner at ein må løyse det problemet som ligg i samanblanding av dei to aktivitetane.

Innspelet kjem til ei utgreiing som låg føre i oktober i fjor. Det var SOU 2004:10 ”Tilsyn. Förslag om en tydligare och effektivare offentlig tilsyn”.

Konkurrensverket held fram at ein òg bør lage reglar som gjer at det er mogeleg å oppdage og hindre at løysing av tilsynsoppgåver gjev overskot som kan subsidiere oppdragsverksemda. Tilsynsrolla kan gje føremoner i marknaden som skapar konfliktar og som minskar tiltrua til styresmaktene, skriver verket, som peikar på at det i ei rad rapportar vert understreka at det er dei små føretaka som vert ramma av at offentlege verksemder driv tevlingsutsette aktivitetar.

(Sverige Konkurranse Kommuner Konkurrensverket)

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]