46 pst. auke i klagetalet i Sverige
Publisert 18. February 2011 09:00
![]()
Talet på klager til det lågaste steget i det svenske klagesystemet for offentlege innkjøp gjekk opp med heile 46 prosent frå 2008 til 2009. Det syner statistikk som Konkurrensverket no har offentleggjort. Klagaren fekk rett i nesten kvar tredje sak. Statistikken syner elles at det i 2009 var kunngjort om lag 17 500 offentlege oppdrag i Sverige, medan det tilsvarande talet for heile EU – frå året før, rett nok – låg på om lag 150 000. Tidlegare austblokkland kunngjer mest i verdi, mål etter BNP’en deira.
I Sverige er det Konkurrensverket som har som oppgåve å samle inn statistikk for offentlege innkjøp. Over treskelverdiane gjer Statistiska Centralbyrån jobben for tevlingsstyresmaktene, medan det under EU/EØS-tresklane berre finst tal for statlege oppdragsgjevarar og for sei som kjøper etter forsyningsføresegnene. Konkurrensverket har ikkje tal for 2010 enno, men dei reknar med at den samla verdien for dei innkjøpa som er kunngjeringspliktige, ligg mellom 510 og 608 milliardar svenske kroner.
I 2009 auka verdien på innkjøpa over tresklane frå om lag 110 til 155 milliardar kroner. Mykje av forklaringa var at drifta av tunnelbanen i Stockholm då vart kunngjord, og han stod åleine for ein verdi på om lag 35 milliardar kroner. Konkurrensverket gjer merksam på at dei i 2009 berre hadde opplysningar om 44 prosent av kunngjeringane.
Om lag 17 500 kunngjeringar
Svenskane hadde 4265 kunngjeringar over EU/EØS-tresklane i 2009, medan det vart kunngjort noko meir enn 13 300 oppdrag under denne grensa. Over 700 offentlege oppdragsgjevarar kunngjorde i 2009, og av desse, skriv tevlingsstyresmaktene, hadde kvar tredje berre ei kunngjering. Vägverket, som no er ein del av Trafikverket, var i 2009 den største av oppdragsgjevarane når det gjaldt tal på kunngjeringar: 204 i 2009. Banverket, som no er den andre delen av Trafikverket, stod for 61 kunngjeringar i 2009. 25 einingar hadde fleire enn 30 kunngjeringar. 16 av desse var lokale eller regionale verksemder.
Konkurrensverket har ikkje tal for kunngjeringar i TED (kunngjeringsnettstaden til EU) for 2009, men 2008-tala syner at det var registrert om lag 150 000. Verdien av desse ligg på om lag 3600 milliardar svenske kroner. Målt i prosent av bruttonasjonalproduktet til kvart av medlemslanda, er det Latvia og Bulgaria som toppar lista, medan Tyskland og Malta ligg nedst. Det er tidlegare austblokkland på dei åtte øvste plassane , dvs. dei som kunngjer mest samanlikna med BNP’en deira. De tre nordiske EU-medlemene ligg om lag midt på tabellen, med Finland øvst.
Auke i talet på klager
Sverige hadde ei sterkt auke i talet på klager frå 2008 til 2009, heile 46 prosent til förvaltingsrätten, som tidlegare heitte länsrättan. Talet på klager høgare opp i det svenske klagesystemet hadde ikkje ei liknande utvikling. I første instans fekk leverandørane rett i 31 prosent av klagene, og i 42 prosent fekk han avslag. Om lag kvar fjerde klage vart ikkje prøvt i det heile.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Avtaler, retningslinjer og lovgivning
Klageinstans, Klagesaker, Kunngjøring

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)