Skriv ut

Kan truge grunnleggjande prinsipp

Publisert 13. May 2011 09:00

Business Europe

Grunnleggjande prinsipp vert truga dersom banda mellom tildelingskriteria og det som skal kjøpast, vert lausare eller heilt løyst opp. Og det er ikkje berre prinsippa som ligg til grunn for offentlege innkjøp åleine som då vert truga, nei, heile den indre marknaden kan kome ille ut og køyre. Orda kjem frå BUSINESSEUROPE, som er talerøyr for europeiske leverandørar. I ei høyringsfråsegn skriv dei òg at det ikkje har noko hast med å revidere det noverande regelverket for offentlege innkjøp.

BUSINESSEUROPE er den europeiske arbeidsgjevarorganisasjonen, der mellom anna NHO er med. Organisasjonen er samstundes eit viktig talerøyr for leverandørsida i saker som til dømes EU-organa drøftar. Denne gongen er det grønboka til EU-kommisjonen, der det vert stilt ein serie med spørsmål for å få fram røynsler med regelverket for offentlege innkjøp slik det er i dag. Kommisjonen tek sikte på å kome med framlegg til revidert lovgjeving i 2012.

Det hastar ikkje med å revidere direktiva for offentlege innkjøp, meiner BUSINESSEUROPE, som peikar på at ressursane i staden burde nyttast til å sikre lik praktisering av reglane. Det er kritisk for næringslivet å ha den naudsynte tryggleiken som ligg i at reglane vert praktiserte på den same måten og med den same tolkinga på tvers av landegrensene.

Føremålet med reglane

Dessutan minner BUSINESSEUROPE om at føremålet med reglane primært er å kjøpe varer eller tenester og kontrahere bygg- og anleggsoppgåver til best mogeleg verdi etter den ønskte kvalitet. I tillegg handlar det om å få økonomisk verdi ut av pengane som kjem frå skattebetalarane gjennom ein tevlingsprega kunngjeringsprosess. Det noverande regelverket gjev god nok rettstryggleik i spørsmålet om korleis miljøomsyn, nyskapingsønske og sosiale krav skal takast inn i ein innkjøpsprosess, heiter det. Ein vidare bruk av grøne offentlege innkjøp treng til dømes ikkje å verte oppmuntra ved fleire pålegg, kanskje heller ved mjukare tiltak.

BUSINESSEUROPE reagerer sterkt på spørsmål frå EU-kommisjonen som kan tyde på at dei ikkje er framand for tanken om å løyse på eller heilt løyse opp tilknytinga som tildelingskriteria skal ha til den varen eller tenesta som skal kjøpast. Gjer Kommisjonen det, skriv arbeidsgjevarorganisasjonen, er grunnleggjande prinsipp som ikkje-diskriminering og innsyn ute og køyre, og det kan sette ikkje berre grunnprinsippa for offentlege innkjøp, men heile den indre marknaden i seg sjølv, i fare.

Vere varsam

EU-kommisjonen må vere varsam når han skal freiste å gjere innkjøpsprosedyrane enklare eller meir fleksible, åtvarar BUSINESSEUROPE i si fråsegn. Det må ikkje føre til problem for tevlinga i marknaden eller for innsynskravet, heiter det, og organisasjonen legg til at tingingsprosedyren slik han no er, ikkje er eigna til å vere ein vanleg prosedyre.

Det er glede i den europeiske arbeidsgjevarorganisasjonen over at Kommisjonen har sett seg føre å lage ei rettleiing til hjelp for forståinga av reglar og dommar som gjeld til dømes interkommunale samarbeid. BUSINESSEUROPE oppmodar dessutan alle offentlege oppdragsgjevarar om å lage strategiar for å trekkje fleire mindre leverandørar inn i tevlingane om offentlege kontraktar.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

EU-kommisjonen

Næringer, sektorer og bransjer

Business Europe, Kommunal sektor

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Forhandlinger, Håndheving, Høring, Regelverk, Tildelingskriterier

Annet

SMB

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]