Skriv ut

Statsminister-kontoret braut innkjøpsreglane

Publisert 17. June 2011 08:45

Regjeringen

Sjølvaste statsminister-kontoret har brote reglane for offentlege innkjøp. Det går fram av ei avgjerd i KOFA (Klagenemnda for offentlege innkjøp). Kontoret bomma på det same som så mange andre i det offentlege Noreg har gjort. Dei var ikkje tydelege nok i å skilje mellom tildelingskriterium og kvalifikasjonskrav.

Kontoret til statsministeren (SMK) skulle gjere rammeavtale om levering av interiørarkitekttenester, og dei kunngjorde tevlinga for omlag eit år sidan. Verdien på oppdraget var rekna til nær 850 000 kroner. Då tilbodsfristen var ute, fann oppdragsgjevaren heile 28 tilbod – mellom desse Narud Stokke Wiig Sivilarkitekter AS, som i april i år sende brev til KOFA (sak 2011/118) med klage på kontrakttildelinga.

Klagehandsaminga vart prioritert av klagenemnda fordi kontoret til statsministeren hadde sagt at dei ville vente med kontrakttildelinga til etter at nemnda var komen med avgjerda si. Slik KOFA ser det, er feilen som er gjord, ikkje mogeleg å rette opp under tildelingsprosessen, slik at ei avlysing må til.

Tildeling eller kvalifikasjon?

Det var denne ”Lianakis” som SMK skrubba seg på, slik så mange andre offentlege oppdragsgjevarar har gjort. ”Lianakis” er i denne samanhengen ei stuttnemning for ei avgjerd i EU-domstolen der det òg vert sagt noko om skiljet mellom kvalifikasjons- og tildelingskriterium. I statsminister-saka var ”Kvalitet på leverte tjenester” med som eit tildelingskriterium når oppdraget skulle tildelast etter hovudkriteriet som var det økonomiske beste tilbodet.

Når det er eit tildelingskriterium som har noko med kvalifikasjonane til tilbydaren å gjere, er det naudsynt, skriv KOFA, at oppdragsgjevaren i tevlingsunderlaget gjer det tydeleg nok at kriteriet ikkje er samanfallande med ei vurdering av kvalifikasjonane til leverandøren. I statsminister-saka stod det mellom kvalifikasjonskrava at kompetansen til leiinga og selskapet skulle vurderast. I samband med tildelingskriteriet ” Kvalitet på leverte tjenester” nyttast omgrepet tilbydar, og det kan tyde på at kompetansen til føretaket òg ville bli vurdert her. Klagenemnda kan heller ikkje sjå at det nokon annan stad i tevlingsunderlaget går tydeleg nok fram at vurderinga av det nemnde tildelingskriteriet gjeld noko anna enn kvalifikasjonane.

Ikkje like vurderingar

I ”Lianakis-dommen” meinte EU-domstolen mellom anna at ein oppdragsgjevar ikkje kunne nytte røynsler, personell og utstyr og evne til å fullføre oppdraget innan den fastsette tida hos ein tilbydar som tildelingskriterier. Grunngjevinga er at dette er tilhøve som gjeld evna til å fullføre kontrakten, og såleis må vere eit kvalifikasjonskrav.

Etter denne dommen har KOFA drøfta ei rekkje med saker der spørsmålet har vore om eit tildelingskriterium er ulovleg som følgje av at vurderinga som skulle gjerast under kriteriet, er samanfallande med, eller ei gjentaking av, dei vurderingane som skulle gjerast i samband med kvalifikasjonane. Klagenemnda har lagt seg på ein praksis der det er lagt til grunn at det må gå klart fram av tevlingsunderlaget at det er ein slik skilnad her.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

KOFA

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Avvisning, Kvalifikasjon, Tildelingskriterier

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]