Skriv ut

Nær 10 000 Doffin-søk på ein dag

Publisert 2. December 2005 09:00

Talet på søk i Doffin-databasen på ein toppdag ligg no like under 10 000. Dette syner statistikken over Doffin-søk. I oktober vert det sett månadsrekord med over 212 600 søk. Det er berre eit spørsmål om tid når denne grensa vert nådd, dersom interessa for offentlege kunngjeringar held fram på same måten som i haustmånadene i år.

I haust har det berre gått ein veg når det gjeld interessa for å søkje i Doffin-basen, og det er oppover. Etter at vi i august hadde enda på 153 000 søk, kom september med 148 000 søk før oktobertala kom med ny månadsrekord: 212 600 søk. Den førre rekorden vart sett i mars i år og var på 155 000 søk. Fram til 23. november hadde elles denne månaden tal som peika i retning av at dei kunne truge oktober-rekorden.

Det er òg sett dagsrekordar i haust. Den førre, frå mars i år, låg på litt over 9000 søk. Den 3. oktober nådde ein opp i 9338 søk og måndagen etter, den 10., kom talet 9391 opp. Og på den siste dagen i månaden, måndag 31. oktober, vart det registrert 9573 søk. Så kom november, som fram til 23. hadde fire dagar med over 9 000 søk kvar. Måndag 21. november kom den rekorden som no gjeld, og den er på 9755 søk.

Travelt

Det er verkeleg travelt når søkjeinteressa er så stor som ho er på Doffin. 9755 søk pr. døgn, er i gjennomsnitt over 406 søk i timen – alle dei 24 timane medrekna. Dersom vi ser på statistikken over søk over døgnet, finn vi at det i november i gjennomsnitt ikkje er ein einaste time med færre søk enn 150. Sjølv klokka tre om natta er det registrert minst så mange søk! Størstedelen av søka kjem på dagtid – frå sju om morgonen til tre om ettermiddagen, med hovudtyngda i timane mellom åtte og elleve.

Dersom vi held fram med å studere kva 9755 søk om dagen inneber, finn vi at det tyder nærare 7 søk i minuttet, og nærare eitt søk kvart tiande sekund døgnet rundt. Då kan vi tenkje oss korleis trafikken er når hovedtyngda av søka går føre seg, til dømes når det er nærare 1000 søk i timen, og det vil seie mellom 16 og 17 søk kvart minutt. Då vert det registrert eit søk om lag kvart tredje sekund!

Elles er det måndagane som er søkjedag nummer ein, og vi må heilt attende til helga 24. og 25. september for å finne nokre dagar som har mindre enn 2000 søk. I oktober var det ingen dag som hadde under 4300 søk, og fram til 23. november var det lågaste dagtalet for søk like under 4500.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Annet

Statistikk

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]