EU-kommisjonen førebur ny reglar
Endra treskelverdiar og ny avvisingsgrunn?
Publisert 21. October 2011 09:00

Foto: Scanpix/Danmark
Høgare treskelverdiane, ulike treskelverdiar for ulike innkjøp, lettare for dei mindre leverandørar og høve til å prioritere lokale leverandørar er problemstillingar som er reist i samband med drøftingane som for tida går føre seg i EU-kommisjonen. Der vert nye innkjøpsdirektiv førebudd. Ein ny avvisingsgrunn er teken opp i ordskiftet i denne samanhengen: Ein leverandør som er kopla til terrorisme skal avvisast, er temaet.
EU-kommisjonen held på med å drøfte innhaldet i det framlegget til reviderte direktiv som venteleg ligg føre om nokre få månader. Då tek prosessen fram mot endeleg direktiv til, og han vert nok både lang og rik på innspel. Det er ikkje på nokon måte sikkert at sluttproduktet kjem til å vere heilt det same som framlegget frå Kommisjonen, snarare tvert om. Når det endelege direktivet er vedteke i EU, kjem EØS-prosessen i gang. Her gjeld det mellom anna Noreg og når og om dei nye reglane skal førast inn i det norske regelverket. Det er to stadium her: Først skal EFTA-landa koordinere seg og sine synspunkt på om dei skal la dei nye EU-reglane verte nasjonal lovgjeving, og så skal truleg det einskilde parlament – her heime Stortinget, inn i biletet. Til saman er dette ein årelang prosess.
Men etter referat frå møte, ulike føredrag osb. får ein eit lite innsyn i noko av det som vert drøfta i EU-kommisjonen i samband med førebuinga til det nye reglane. I Sverige har ein eit juridisk nettverk for offentlege innkjøp, og her hadde dei nyleg ein gjest frå Kommisjonen. Han kunne fortelje at det å vere kopla til terrorisme nok vert avvisingsgrunn i dei nye direktiva.
På eit dialogmøte i Brussel med mellom anna representantar for europeisk næringsliv flagga kommisjonæren for den indre marknaden, Michel Barnier, at EU/EØS-treskelverdiane venteleg ville bli høgare. Det kan òg vere at det kjem ulike treskelverdiar for ulike innkjøp. Barnier meinte at dei nye reglane kunne tre i kraft i 2015. Det å nytte offentlege innkjøp for å fremje politiske mål, kjem framleis til å vere viktig for EU.
Lokale leverandørar
Norsk Sykepleierforbund har hatt representantar i Brussel, der dei mellom annan er orienterte frå Kommisjonen om arbeidet med dei nye reglane for offentlege innkjøp. I rapporten på heimesida til sjukepleiarane kan ein lese at Kommisjonen ønskjer å sjå nærare på om det er mogeleg å prioritere lokale tilbydarar. Grunngjevinga er dels miljøomsyn, dels at ein ønskjer å prioritere det lokale næringslivet.
Frå Europakommisjonen er det stilt krav til Kommisjonen om særleg å tenkje på dei mindre verksemdene, og slike leverandørar bør kunne nytte seg mykje meir av sjølvmeldingar, heiter det. Eit ”innkjøpspass” kan gjevast til dei små-leverandørane som er kvalifiserte til å vere med i offentlege innkjøpstevlingar. Originaldokument bør berre hentas frå dei som går sigrande ut av tevlinga – eller er mellom dei som er komen til ”finalen”. Lågaste pris-kriteriet bør dessutan ikkje lenger vere det som åleine avgjør slike tevlingar, slår Europaparlamentet fast.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Virksomheter
Avtaler, retningslinjer og lovgivning
Avvisning, Direktiv, Kontraktstildeling, Kvalifikasjon, Regelverk, Terskelverdi, Tildelingskriterier

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)