EU-kommisjonen: Naudsynt med konsesjonsreglar
Publisert 10. February 2012 09:00

Foto: Scanpix/Danmark
Det er naudsynt å få til eit felles rammeverk for tildeling av konsesjonar i EU-området, slår EU-kommisjonen fast som grunngjeving for sitt framlegg om eit eige direktiv for teneste- og bygg og anlegg-konsesjonar. I dag finst ikkje reglar, berre dei grunnleggjande prinsippa som gjeld for den indre EU-marknaden. Oppdragsgjevarar forstår og praktiserer dette ulikt, og i ei EU-undersøking seier kvar tredje deltakar at dei er kjende med direktetildeling av konsesjonar utan kunngjering eller tevling på førehand.
EU-kommisjonen grunngjev framlegget til direktiv for konsesjonar mellom anna med kor mykje slike tyder økonomisk. Det er gjort studiar av fire område i sju medlemsland, heiter det, og eit av funna var at konsesjonane som var tildelte, hadde ein årleg verdi på om lag 1050 milliardar kroner. 60 prosent av alle kontraktane som gjaldt offentleg-privat samarbeid (OPS) i Europa er òg konsesjonar.
Utan klare reglar no
Tildeling av tenestekonsesjonar, skriv EU-kommisjonen, går føre seg utan at det er klare reglar – det er berre dei grunnleggjande EU-prinsippa om innsyn og like vilkår som gjeld. Dette gjev grunnlag for til dømes direktetildeling utan tevling i førehand, og det kan føre til korrupsjon og at ein gjev fordelar til nasjonale tilbydarar. Der det verkeleg er reglar, ser EU-kommisjonen at konsesjonar nyttast ofte. Om lag helvta av avtalane i EU som gjeld avfallshandtering, er konsesjonar. I Spania vart nær 6 200 konsesjonar kunngjorde i perioden 2006 til 2010, medan det i Italia i den same perioden berre vart kunngjort 817 slike. I Frankrike reknar ein med at det for tida er nær 10 000 konsesjonar.
For å kome til livs ulikskapar mellom nasjonale ordningar og å sikre lik forståing av dei grunnleggjande prinsippa over heile EU, trengst eit rammeverk, strekar EU-kommisjonen under. Ikkje alle medlemslanda forstår og praktiserer dei grunnleggjande prinsippa på same måten, til dømes i land der det ikkje er utforma eigen reglar for handteringa (Storbritannia, Tyskland, Finland, Hellas, Belgia, Estland, Irland og Nederland).
Framlegget frå EU-kommisjonen
I direktivframlegget er det freista å gje ein meir presis definisjon av kva ein konsesjon er. Framlegget gjeld tildeling av så vel teneste- som bygg og anleggskonsesjonar i både den klassiske sektoren og i forsyningssektorane. Når verdien av ein konsesjon er lik med eller høgare enn om lag 40 millionar kroner, skal han kunngjerast. EU-kommisjonen har like eins laga reglar som på ein enkel måte gjer det mogeleg å endre konsesjonskontraktane undervegs dersom det skjer noko som ein ikkje hadde rekna med. Ein minimumsfrist for tilbodslevering er òg med i framlegget – 52 dagar.
Kriterium for tildeling av konsesjonskontraktar skal publiserast på førehand, og dei skal vere objektive, ikkje-diskriminerande og at dei heng saman med det som konsesjonen handlar om. Det er ikkje lagt opp til noko spesiell tildelingsprosedyre, men det krevjast at oppdragsgjevarane garanterer innsyn og like vilkår, særleg med tanke på tingingar. Med ander ord kan den einskilde medlemsstat sjølv definere den tildelingsprosedyren som passar best, berre den tek vare på dei nemnde prinsippa. For alle konsesjonar over treskelverdiane skal gjelde det same sanksjonssystemet som for vanlege offentlege kontraktar, heiter det i EU-framlegget.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Virksomheter
Avtaler, retningslinjer og lovgivning
Direktiv, Diskriminering, Innsyn, Konsesjon, Kriterier, Kunngjøring, Prosedyre, Tildelingskriterier

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)