Skriv ut

Krev høgare status og enklare reglar

Publisert 17. February 2012 09:00

Konkurrensverket

Høgare status for offentlege innkjøp. Enklare reglar for mindre kjøp, og betre underlag for statistikk. Dette er hovudpunkt i ei høyringsfråsegn frå Konkurrensverket i Sverige. Tevlingsstyresmaktene ønskjer ikkje nye klageordningar ved denne krossvegen, og meiner at det er ei utmaning at miljøkrav og sosiale omsyn i offentlege innkjøp er ulike mellom ulike land. Heller ikkje er det bra at innkjøpsreglane over og under treskelverdiane er for ulike, sjølv om dei skal vere enklare under tresklane, heiter det.

Høyringsfråsegna til regjeringa frå Konkurrensverket gjeld utgreiinga «På jakt etter den goda affären (SOU 2011:73)». Det er ei delutgreiing frå Upphandlingsutredningen som har som oppgåve å sjå nærare på dei samfunnsøkonomiske og kommersielle sidene av offentlege innkjøp, ikkje i første rekkje dei juridiske.

Konkurrensverket legg vekt på at den offentlege innkjøpsverksemda må få høgare status. Gjennom å prioritere innkjøpsspørsmål høgare vert det òg gjeve betre føresetnader for oppfølging og evaluering av kontraktane. Dessutan kan det føre med seg at mål og prinsipp som vert stilte for verksemda, vert gjennomførde i praksis. Elles meiner Konkurrensverket at innkjøpsspørsmåla bør liggje i ei særskilt eining i verksemda som rapporterer direkte til leiinga.

Ikkje nye klageordningar

Tevlingsstyresmaktene åtvarar mot å innføre nye ordningar eller nye føresetnader for handsaming av klagesaker. I staden rår dei til at den vidare utgreiinga bør ta sikte på å kome til livs uønskte følgjer av den noverande ordninga og, om mogeleg, kome med framlegg som kan gjere at dei negative følgjene av eit klagemål, ikkje vert så ille.

Grensa for direktekjøp er til drøfting i Sverige òg. Her ønskjer Konkurrensverket at den vidare utgreiing kan syne kva slags verknad høgare grenser gjev både for oppdragsgjevarar og leverandørar. Føremålet er å få grunnlag for å avgjere om høgare tresklar verkeleg inneber ei forenkling eller betring for dei partane som er innblanda, utan at det gjer tevlinga i marknaden dårlegare. Tildegare har tevlingsstyresmaktene gjort framlegg om ei grense på 600 000 kroner.

Samfunnspolitiske omsyn

Upphandlingsutredningen får støtte frå Konkurrensverket når det gjeld at det samfunnspolitiske perspektivet i offentlege innkjøp femner om både miljøkrav og sosiale omsyn. Det er, går det fram av høyringsfråsegna, ein ulempe med ulike typar miljøkrav og sosiale omsyn i ulike land. Såleis er det vanskeleg for leverandørane å tilpasse sine produkt på ein effektiv måte. Konkurrensverket er samd med Upphandlingsutredningen i at EU-Kommisjonen bør lage ei rettleiing eller ein rapport som gjer det tydeleg i kvar samanheng offentlege innkjøp er eit effektivt samfunnspolitiske verkemiddel i arbeidet for ei berekraftig utvikling.

Av fleire grunnar er det ønskeleg å få fram betre statistikk, peikar tevlingsstyresmaktene på i høyringsfråsegna, men det er naudsynt å vurdere noggrant om nytten av statistikken svarer til kostandene med å skaffe han fram. Men det er mogeleg å få fram ein vidfemnande statistikk til relativt låge kostnader, skriver Konkurrensverket.

Nye EU-reglar

For tida vert eit framlegg frå EU-kommisjonen til reviderte innkjøpsreglar drøfta, og Konkurrensverket åtvarar mot å gjere endringar i nasjonale reglar over EU/EØS-tresklane før ein veit kva resultat desse drøftinga vil føre til. Heller ikkje er det effektivt å gjere endringar i dei nasjonale reglane under dei same tresklane enno, fordi ein lett kan gjere endringar som fører til heilt annleis reglar under EU-nivået. Regelverkt bør vere så likt som mogeleg over som under treskelverdiane, men utan å regulere innkjøpa under tresklane altfor strengt.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Konkurrensverket

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Direktekjøp, Høring, Klagesaker, Miljøkrav, Regelverk, Sosiale hensyn, Terskelverdi

Annet

Statistikk, Utredning

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]