Skriv ut

Nær 700 føretak med i kommunal valfridom

Publisert 24. February 2012 09:00

Konkurrensverket

Systemet der folk i kommunane kan velje om dei vil nytte tenesteytararar frå kommunane eller frå ein annen, grip om seg i Sverige. Kvar tredje kommune har no eit valfridomssystem, og nærare 700 verksemder finst i systemet. Desse føretaka er det gjerne kvinner som eig eller driv. Dette kjem fram i ein rapport frå Konkurrensverket. Utførarane vert valde ut etter ei ordning som er mykje lik den som gjeld for offentlege innkjøp berre at det er kvalitet og ikkje pris, som gjeld i tevlingane.

Svenskane har ein eigen lov om offentlege innkjøp for valfridomssystemet sitt. Dei som ønskjer og vere tilbydarar og mellom dei som brukarane i ein kommune kan velje mellom, må først godkjennast. Det er det kommunen som gjer, og dei krava som gjeld, går fram av tevlingsunderlaget. Her finst dei tenestene som valfridomen skal gjelde for, dei krava som tilbydarane må leve opp til, og kva slags betalingsmodell som skal gjelde osb. Kommunen må ikkje diskriminere nokre tilbydarar, og han må stelle krav som er rimelege sett i samanheng med føremålet for tenesteytinga. Sjølve tevlinga vert gjennomført om lag som etter dei vanlege reglane for offentlege innkjøp.

Konkurrensverket har sett på tevlingstilhøva i valfridomssystemet i kommunane, og om stutt tid kommer ein rapport om tilhøva i landstinga (fylkeskommunane). Om eitt år skal det så kome ein sluttrapport. «Kommunernas valfrihetssystem – så fungerar konkurrensen» er namnet på kommunerapporten.

Tredobla sidan 2009

Talet på kommunar som har teke i bruk eit valfridomssystem, er tre gonger så mange i dag som det var i 2009. Kvar tredje kommune har innførd eit slikt system, og 69 kommunar har gjort vedtak om det. Det er friviljug i Sveige å innføre eit slikt system. Heimehjelpteneste er den tenesta der det er mest å velje mellom når det gjeld å velje tenesteytar for brukarane. Om lag annankvar brukar, som har fått høve til å nytte heimehjelpteneste, kan no velje kva for ein tenesteytar som skal gje tenesta til brukaren.

Kvar femte brukar i dei kommunane som hadde tilbod om valfridom, nytta ein ekstern utførar. For at fleire skal gjere aktive val, skriv Konkurrensverket i rapporten sin, kravst tilgjenge til sakleg, tilpassa, samanliknande, lett forståeleg og lett tilgjengeleg informasjon.

Bygrannane snøggast

Det er kommunane rundt dei store byane som har vore snøggast til å ta i bruk valfridomssystemet. Heile 79 prosent av dei har no dette tilbodet til brukarane sine. I dei mindre kommunane har interessa vore lågare, og i distrikta har berre 20 prosent av kommunane teke i bruk systemet.

I 2010 var det 687 eksterne utførarar i valfridomssystemet til kommunane. Dei fleste føretaka er små med mindre enn ti tilsette. Nær 80 prosent har ei kvinne som eigar eller dagleg leiar. Om lag annankvar kommune som har innførd valfridomssystemet seier i undersøkinga at dei saknar utførarar med ein særskild profil.

Utmaninga er at kommunane i dette systemet gjerne er både tingar og utførar. Det kan innebere eit problem, og Konkurrensverket skriv: - Det er viktig at kommunane skil desse rollene, sjølv om det er vanskeleg å få til fullnøyande tevlingsnøytralitet mellom eigenregien og eksterne utførarar.

Rapporten kan du lese her.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Konkurrensverket

Næringer, sektorer og bransjer

Kommunal sektor

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Konkurranse

Geografiske områder

Sverige

Produktklassifisering

Rapport

Annet

Undersøkelse, Valgfrihet

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]