Skriv ut

Ikkje berre jage pris, men òg garantere kvalitet

Publisert 2. March 2012 09:00

TCO

Offentlege innkjøp må ikkje berre jage lågaste pris, men òg garantere at innkjøpet fører til god kvalitet og at viktige samfunnsmål vert nådd. Det slår den svenske fagorganisasjonen TCO fast i ei høyringsfråsegn. Dersom ein skal få god kvalitet, må det satsast på kompetansen til medarbeidarane, skriv organisasjonen, som òg krev at kontrakt- og leverandøroppfølging vert teke inn i lovverket.

TCO (Tjänstemännens Centralorganisation) er ein paraplyorganisasjon for 15 fagforbund som samlar om lag 1,2 millionar menneske. Her finst til dømes ingeniørar, lærarar, polititenestemenn, økonomar og sjukepleiarar i kommunar, statlege styresmakter, bankar og forsikringsselskap. Halvparten kjem frå den offentlege sektoren, halvparten frå den private, og 60 prosent er kvinner.

Organisasjonen er komen med ei høyringsfråsegna til delutgreiinga frå Upphandlingsutredningen 2010, SOU 2011:73 «På jakt efter den goda affären». Her tek dei til orde for at det vidare utgreiingsarbeidet må sikte mot tiltak som gjer at dei offentlege innkjøpa tek meir omsyn til kvalitet og til viktige samfunnsmål. Det berre å gå etter lågaste pris må ikkje verte styrande, heiter det.

Kompetanse

Når det skal gjerast ein god handel, er kompetansen som medarbeidarane har, ein nøkkelfaktor. Derfor er det viktig å satse på å styrkje kompetanse- og innovasjonsutviklinga. TCO meiner at en nasjonal kvalitetsakkreditering eller - sertifisering bør vurderast for å sikre kvaliteten ved dei offentlege kjøpa.

Det ligg òg TCO på hjartet at offentlege innkjøp må gjerast enklare, slik at færre ressursar vert nytta til å handtere strenge formkrav. Kontroll og oppfølging må på si side verte betre, til dømes gjennom heile leverandørlenkja. Effektive sanksjonar må finnast, slik at dei kan nyttast når leverandørar bryt reglane. TCO peikar på at det burde vere eit krav i lovverket om kontrakt- og leverandøroppfølging, og dei held fram at det høve man i dag har for å avvise ein leverandør, bør utvidast.

Ved offentlege innkjøp må det reisast krav om at løns- og tilsettingsvilkår er i samsvar med dei kollektivavtalane som til vanlig leggjast til grunn der arbeidet vert utført. Løns- og tilsettingsvilkår er krav som må kome fram som særskilte kontraktvilkår, og når det gjeld varekjøp, skal leverandørane vere pliktige til å følgje grunnleggjande ILO-konvensjonar som forbod mot barnearbeid og tvangsarbeid osb.

Arbeidsrett

TCO ønskjer meir vekt på dei arbeidsrettslege reglane når det offentlege kjøper inn, og dei ber om at Sverige må ratifisere ILO-konvensjon 94. Dei er positive til såkalla reserverte kontraktar eller program for personar med funksjonsnedsetting. Desse må få tilbod om høvelege løns- og arbeidsvilkår, heiter det.

Mellom krava frå TCO til den vidare utgreiinga til Upphandlingsutredningen 2010 er òg at kommunar og landsting (fylkeskommunar) treng sterkare innkjøpsfagleg støtte når det gjeld å stille og vurdere ulike kvalitetskrav. Det gjeld særskilt ved tenestekjøp. Like eins er det naudsynt, vert det streka under, å få opp ein særskilt offentleg verksemd som kan gje støtte til innkjøparar i det offentlege når det gjeld å stille sosiale krav ved offentlege kjøp.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Arbeidsvilkår, Høring, ILO-konvensjon, Kontraktoppfølging, Pris, Regelverk, Reserverte kontrakter, Sanksjoner, Sosiale hensyn

Geografiske områder

Sverige

Systemløsninger

Lønn

Annet

Funksjonshemmede, Kontroll, Kvalitet

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]