Skriv ut

Redd for at nye reglar stengjer marknader

Publisert 20. April 2012 09:00

Business Europe

Næringslivet i Europa er redd for at nye reglar for utvida eigenregi i det offentlege kan kome til å stengje viktige marknader for private leverandørar. Det kjem fram i høyringsfråsegna frå BUSINESSEUROPE til framlegget frå EU-kommisjonen til reviderte innkjøpsdirektiv. I framlegget, heiter det, går Kommisjonen lenger enn EF-domstolen når det gjeld utvida eigenregi. Næringslivet er òg uroa over framlegget med enklare prosedyre-rammeverk for lokale styresmakter som skal ut og handle. Det kan bli vanskelegare for verksemdene å leite fram oppdraga, heiter det.

BUSINESSEUROPE er arbeidsgjevarorganisasjonen i Europa. Der er òg NHO med. No er dei komne med ei fråsegn til framlegget til reviderte innkjøpsdirektiv frå EU-kommisjonen. Det er to overordna synspunkt: Næringslivet er nok samde i ymse framlegg på nokre område, men åtvarar mot ei gjennomgripande overhaling av den lovgjevinga som no gjeld. Kvar revisjon må tryggje innsyn, opne marknader og tevling om dei offentlege oppdraga. Dessutan, heiter det, må det framfor noko anna satsast på ein meir einsarta gjennomføring av EU-direktiva i medlemslanda, og det må kome betre tiltak som kan hjelpe oppdragsgjevarar når dei skal gjere kontraktstildelingar.

Næringslivet i Europa har blanda kjensler for EU-framlegga til nye direktiv, og vonar at det i prosessen kjem innspel som tek fatt i dei tilhøva som uroar dei mest. Mellom anna er dei samde i at skiljet mellom A- og B -tenester vert borte, men dei er skuffa over at EU-kommisjonen samstundes kjem med eit nytt regime for sosiale tenester med ein høgare treskelverdi og som berre skal ta omsyn til grunnleggjande prinsipp som like vilkår og innsyn.

Ei utvida bruk av prosedyren med tingingar fell i god jord i det europeiske næringslivet, under føresetnad av at det vert sett i verk tiltak som tryggjar rettferd i tevlingane, like vilkår og innsyn. Men framlegget om å gje lokale styresmakter eit enklare prosedyre-rammeverk vinn ikkje fram hos BUSINESSEUROPE. Framlegget kjem til å føre til ei auka bør for småleverandørar som skal freiste å følgje med på dei oppdraga som finst. Alle nivå i det offentlege må følgje dei same prosedyrane, slår talerøyret til næringslivet i Europa fast.

E-innkjøp

Medan dei er oppglødde over at framlegget fremjar bruk av elektroniske verktøy i offentlege innkjøp, er dei ikkje på langt nær like glade for å innføre eit meir fleksibelt skilje mellom kvalifikasjon av leverandørar og tildeling av kontrakt. BISINESSEUROPE likar heller ikkje at EU-kommisjonen gjer framlegg om tidfristar for innføring av tungen bruk av e-innkjøp. I første omgang må det i staden satsast på å byggje ut nettet og datatryggleiken. I dag er det framleis mykje ulikskapar når det gjeld verktøy som vert nytta til elektronisk handel omkring i medlemslanda, heiter det.

Når det gjeld utvida eigenregi, meiner BUSINESSEUROPE at EU-kommisjonen har gjort framlegg som går langt vidare enn det som EU-domstolen er komen til.

Sosiale kriterium og miljomsyn

Talerøyret til næringslivet er samde i at sosiale kriterium og miljøomsyn kan høyre med når det offentlege skal kjøpe, men heile tida må omsyna hengje nær saman med det som skal kjøpast. Like eins er det greitt å nytte livslaupsomsyn, men her må reknemetodane vere slike at tevlinga i marknaden ikkje vert ugreie. Å nytte ulike merke for å spesifisere miljøomsyn, sosiale kriterium eller andre tilhøve som er knytte til ymse produkt får òg tilslutnad hos BUSINESSEUROPE, men det må ikkje føre til at selskap som ikkje har slike merke på produkta sine, utan vidare vert avviste. Det kan vere gode grunnar til at produkta ikkje er merkte, men at dei trass i det kan leve opp til krava i merket.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Næringer, sektorer og bransjer

Business Europe, Tjenester

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Egenregi, Høring, Innsyn, Miljøhensyn, Regelverk, Sosiale hensyn, Terskelverdi

Produktklassifisering

Ecolabel

Systemløsninger

E-handel, E-innkjøp

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]