Hevdar EU-framlegg går i feil retning
Publisert 20. April 2012 09:00

Framlegget frå EU-kommisjonen til reviderte regler for offentlege innkjøp går i feil retning. Det byggjer ikkje opp under føremålet med den indre EU-marknaden. Det slår svenske Kommerskollegium fast i ei høyringsfråsegn. Framlegget opnar for løysare kopling til kontraktføremålet, og for strategisk bruk av offentlege innkjøp til å fremje miljø og sosiale og arbeidsrettslege føremål. Det åtvarar kollegiet mot. Å nytte offentlege innkjøp til politiske føremål er sjeldan effektivt, snarare ein omveg, heiter det i fråsegna.
Kommerskollegiet er eit offentleg organ i Sverige som skal informere og gje råd om handelspolitikk og utanrikshandel. Like eins skal dei gjere analysar for regjeringa innanfor dei same områda. I si høyringsfråsegn til framlegget til reviderte innkjøpsdirektiv frå EU-kommisjonen, er Kommerskollegiet svært kritisk på sentrale punkt. Det trengst meir grensekryssande offentlege innkjøp i EU, men Kommerskollegiet er redd at framlegget frå EU-kommisjonen kan føre til det motsette.
Dei peikar på at meir effektive offentlege innkjøp er viktig for voksteren og tevlingskrafta i EU. Grunntanken, heiter det, er at EU-borgarar og – føretak skal ha dei same føresetnadene i heile EU-området. Men mindre enn to prosent av offentlege kontraktar i perioden 2007-2009 gjekk til føretak i et anna EU-land. Det er med andre ord, held Kommerskollegiet fram, eit stort potensial som ikkje er nytta, i den offentlege marknaden. Omarbeidinga og oppdateringa av EU-reglane for offentlege innkjøp kan derfor innebere mykje for tilveksten og tevlingskrafta i EU.
Kopling til kontraktføremålet
Det er deira syn at det grunnleggjande prinsippet om kopling til kontraktsføremålet gjennom heile innkjøpsprosessen, i fleire av artiklane i framlegget, vert løysare. Ved at offentlege innkjøp nyttast som indirekte stytringsmiddel, skiftar merksemda frå det som skal kjøpast til han som leverer varen eller tenesta og/eller korleis varen eller tenesta er produsert, heiter det. Kommerskollegiet nemner døme på det som i direktivframlegget særskilt, frå eit handelsperspektiv kan føre til dårlegare føresetnader for effektive tevlingar om offentlege kontraktar. Det gjeld prioriteringa av de mindre verksemdene og strategisk bruk av offentlege innkjøp for føremål som sosiale og arbeidsrettslege omsyn og miljø.
I høyringsfråsegna peikar Kommerskollegiet på at koplinga til det som er føremålet for kontrakten, gjer at dei økonomiske aktørane ikkje risikerer å møte ulike krav frå ulike oppdragsgjevarar på, for sjølve kjøpet, meir perifere område. Miljøomsyn og sosiale krav er ofte forankra nasjonalt, regionalt eller lokalt, og såleis inneber ei friare kopling til kontraktføremålet at økonomiske aktørar eller varer frå andre land eller regionar lett kan verte diskriminerte. Koplinga er sentral for effektiv tevling og grenseoverskridande handel, skriv Kommerskollegiet, som er uroa for at føremålet med reglane for offentlege innkjøp kan verte svekt.
Politiske mål
Dei trur òg at det å nytte offentlege innkjøp for å nå ulike politiske mål, sjeldan er effektivt, men snarare ein omveg. I staden trengs til dømes miljømål ei eiga lovgjeving fordi dei er så viktige.
Kommerskollegium i Sverige meiner dessutan at framlegget til nye direktiv kan innebere ein risiko for europeiske føretak på dei globale marknadene. Ved å gjere det vanskelegare for leverandørar frå tredjeland og europeiske leverandørar med internasjonale leveranselenkjer, kan det vere fare for at EU risikerer at europeiske selskap får meir avgrensa tilgjenge på dei offentlege marknadene elles i verda.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Virksomheter
EU-kommisjonen, Kommerskollegiet
Avtaler, retningslinjer og lovgivning
Kontraktformål, Miljøhensyn, Regelverk, Sosiale hensyn

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)