Bulgarar vann norsk tevling – 30 pst. betre på pris
Publisert 27. April 2012 09:00

Norske elektroverksemder fekk sjokk då eit bulgarsk selskap vann ei tilbodstevling i Bergen, med prisar som låg om lag 30 prosent lågare enn den beste mellom dei norske tilbydarane. Oppdragsgjevaren seier at grundigare har dei knapt sjekka ein tilbydar enn denne bulgararen, men noko å setje fingaren på, vart ikkje funne. Nå må norske byggherrar byrje å tenkje på noko anna enn pris og byggjekostnader åleine, slår Norsk Teknologi fast.
Det var eit bulgarsk, statseigd selskap som gjekk av med sigeren i tevlinga om elektroarbeida ved det nye barne- og ungdomssenteret ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Selskapet låg nærare 30 prosent lågare i pris enn han som kom som nummer 2. Reaksjonane frå det norske elektromiljøet har vore sterke.
Til bladet Elmagasinet seier prosjektleiar Geir Egil Pedersen i Helse Bergen HF at han trur at dei aldri tidlegare har nytta så mykje ressursar på å sjekke eit tilbod som det dei gjorde med bulgararane. Vi har ikkje funne noko som bryt med norsk lovgjeving, og selskapet er godkjende av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Dessutan har dei dei same sertifiseringane som dei fleste norske el-installatørane har, og selskapet har vore grundige i tilbodsdokumenta sine. Oppdrag som selskapet elles har gjort i Europa, syner at dei har gjort fleire store installasjonar. Det er om lag 1600 tilsette i verksemda.
Frustrert elektromiljø
Sjølv om elektromiljøet i Noreg er frustrert, er det lite organisasjonane deira kan gjere. Norsk Teknologi og El & IT Forbundet har saman skrive brev til helseføretaket, der dei strekar under at dei vil følgje utviklinga i byggjeprosjektet noggrant. Samstundes reknar dei med at byggherren sjølv følgjer opp den utanlandske entreprenøren mellom annan for å kontrollere at han verkeleg held seg innanfor norsk lov- og regelverk når arbeida kjem i gang.
I eit intervju med Elmagasinet strekar næringspolitisk direktør i Norsk Teknologi, Tore Strandskog, under at stoda i Bergen er normal, men krevjande for bransjen. Dei norske verksemdene har eit mykje høgare kostnadsnivå enn konkurrentane frå utlandet, i første rekkje når det gjeld løner. Det er ikkje noko enkel løysing på utmaningane. Med ein mangel på 4000 elektrikarar her heime treng Norge verkelg meir arbeidskraft, mellom anna ved import av utanlandsk kompetanse. Dette er naudsynt for å kunne ta dei oppdraga som finst, seier han, og slår fast at utan ein slik import kjem endå fleire oppdrag å gå til utanlandske selskap.
Ikkje berre pris som er viktig
Strandskog rettar òg søkjeljoset mot norske, offentlege byggherrar. Dei har, slik han ser det, ofte all si merksemd retta mot pris når dei gjer klart til tilbodstevling. Lite ser dei på gjennomføringsevne, kvalitet og materialar. Det er nok av døme på at store delar av jobben måte gjerast om i ettertid, og dette er eit viktig signal til både dei offentlege byggherrane og styresmaktene om å få endra på denne einsidige merksemda retta mot pris. – Det er ikkje så god økonomi i berre å vere oppteken av låge byggjekostander – bygget skal òg driftast og haldast ved like, seier Strandskog.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)