Skriv ut

34 framlegg til innovative og effektive innkjøp

Publisert 4. May 2012 09:00

Dansk Industri

34 innspel til ein meir intelligent offentleg innkjøpsstrategi i Danmark. Det er det Dansk Industri, søsterorganisasjon til NHO, nå har lagt på bordet. Føremålet med alle innspela er dels og gjere offentlege innkjøp meir effektive, men òg slik at dei i aukande grad kan nyttast til og fremje innovasjon – både i det offentlege og hos tilbydarane.

For ei tid sidan skipa den danske regjeringa ei arbeidsgruppe som skulle hjelpe i arbeidet med å utvikle ein «intelligent offentleg innkjøpsstrategi». Dei 34 tilrådingane frå Dansk Industri er meint som eit innspel til denne gruppa. Nokre av tilrådingane gjeld einskilde bransjar, medan andre grip over fleire. Danske offentlege verksemder kjøper kvart år for nær 290 milliardar kroner, og Dansk Industri har to perspektiv for tilrådingane sine: Dei skal syne korleis den offentlege sektoren kan sikre seg meir kostnadseffektive innkjøp, samstundes som innkjøpsvolumet i større grad vert nytta til og fremje innovasjon i verksemdene.

Dei sektorovergripande framlegga til tiltak er delte i tre bolkar – ein som gjeld økonomisk styring, ein som femner over nye innkjøpsmodellar og ein som tek for seg betre innkjøpsprosessar.

Livslaupskostnader

Totaløkonomi må vere den raude tråden i innkjøp, heiter det mellom dei fem innspela som gjeld økonomi. Omgrepet totaløkonomi dekkjer her livslaupstenking, det vil seie at ein legg til grunn økonomien i heile levetida til varen eller tenesteytinga. Med andre ord er det meir enn berre innkjøpsprisen som skal reknast med. Det bør, skriv Dansk Industri, vere klare retningsliner for korleis totaløkonomiske kriterium, til dømes standardar, skal nyttast ved vurderinga av tilbod. Budsjettrutinane i det offentlege må tilpassast og støtte bruken av totaløkonomiske kriterium, heiter det, og der det eignar seg, kan det i kravspesifikasjonen stillast krav ut over korleis produktet skal virke. Det gjeld til dømes kvalitet, estetikk, utforming og ulike sosiale krav. Innkjøpsmetodane må i høgare grad verte tilpassa dei varene og tenesteytingane som skal kjøpast inn.

Ei rekkje krav er knytte til tilbodsmodellane. Der det er verknadene av det som vert kjøpt inn, som gjeld, bør funksjonskrav stillast i tevlinga, slik Dansk Industri ser det. Der leverandøren leverer ytingane han har kontrakt på, tidlegare enn det som krevst, bør han få løn for strevet. Like eins er det mellom krava frå Dansk Industri eit punkt som gjeld at leverandøren berre skal få betalt dersom dei måla som er sette opp for ytinga, er nådd. Tevlingsprega dialog og offentleg-private innovasjonspartnarskap høyrer med i «tiltakspakka» frå den danske næringslivsorganisasjonane. Det gjer også såkalla «omvendte tilbod», det vil seie at ein oppdragsgjevar kunngjer kor mykje pengar han tenkjer å nytte på oppgåva. Då er det opp til leverandørane å kome med tilbod på best mogeleg bruk av desse pengane for å få den beste kvaliteten. Rettleiingar og samanhengande handlingsplanar trengst for å støtte ulike tilbodsmodellar.

Transaksjonane

Dansk Industri slår fast at medan danske styresmakter i gjennomsnitt nyttar 26 arbeidsdagar på å gjennomføre ei tevling, nyttar dei fem beste EU-landa tilsvarande 14 arbeidsdagar på det same. Fleire verkemiddel kjem frå Dansk Industri når det gjeld å vere meir effektive i prosessane: Alle offentlege oppdragsgjevarar må skaffe seg sentrale einingar som kan hjelpe med å gjennomføre tevlingar, og tilbod frå leverandørar bør ikkje avvisast berre på grunn av formelle feil og manglar. Som ledd i arbeidet med tilbodsstrategiane bør det vurderast korleis transaksjonskostnadene kan reduserast, og digitalisering og gode døme er andre framlegg som kan vere til hjelp i denne delen av strategiarbeidet.

Du finn tiltaka frå Dansk Industri her.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Dansk Industri

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Innkjøpsmodeller, Innkjøpsprosess, Livsløp

Geografiske områder

Danmark

Produktklassifisering

Funksjonskrav

Annet

Digitale krav, Transaksjonskostnader

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]