Ulovleg forlenging var ulovleg direktekjøp
Publisert 18. May 2012 09:00

Oppdragsgjevaren har som hovudregel risikoen ved å rekne god nok tid til gjennomføring av ei tevlingsutsetjing, og ei mogeleg avlysing må òg reknast inn. Ein oppdragsgjevar som ikkje rekna god nok tid, fekk nyleg 600 000 kroner i straffegebyr frå KOFA. Oppdragsgjevaren måtte nemleg forlengje gjeldande avtale ut over tida, då tevlinga om ny avtale måtte avlysast på grunn av ein formalfeil han sjølv hadde gjort. Det var ikkje lenger tid nok til å få ny avtale på plass innan den gamle gjekk ut. Klagenemnda kom til at denne forlenginga var eit ulovleg direktekjøp.
Saka i klagenemnda gjaldt kjøp av renovasjonstenester som Romerike Avfallsforedling IKS hadde gjort (2011/209). Ein avtale gjekk ut 31. august 2011, og då var dei to opsjonane om forlenging på eit år kvar nytta fullt ut. Oppdragsgjevaren hadde av den grunn byrja ein prosess etter innkjøpsreglane om ein ny kontrakt, men måtte avbryte denne tevlinga på grunn av ein formell feil som oppdragsgjevaren hadde gjort i tevlingsdokumenta. Då oppmoda oppdragsgjevaren han som hadde den gamle kontrakten, om å halde på enno ei tid – til ny kontrakt var i hamn. «Ekstratida» vart avslutta 13. april 2012, og det er denne forlenginga som nemnda interesserte seg for.
«Ekstratid» til dekningskjøp
KOFA kjem til at denne 7,5 månader lange «ekstratida» var å rekne for eit ulovleg direktekjøp. Leverandøren fekk betalt noko over 8,5 millionar kroner for dette arbeidet, og klagenemnda kom til at det ikkje var nokre av unntaka i føresegnene som kunne forsvare forlenginga utan kunngjering.
Men nemnda nemner at den kunngjeringa som skulle gje ny kontrakt, vart gjort så seint som 19. april 2011. Det var berre rekna drygt fire månader frå kunngjering til ny kontrakt skulle vere på plass, heiter det, og av dette var den siste delen midtvegs i sommarferien. Dette kan ikkje vere nok for ei teneste som det for både oppdragsgjevaren og samfunnet er avgjerande viktig å halde fram med utan opphald. Det er oppdragsgjevaren sjølv som har ansvaret for å rekne god nok tid til tevlingsutsetjinga, og dersom det er satt av for lite tid, må oppdragsgjevaren som den store hovudregel bere risikoen for at det kjem noko i vegen som fører til at tidsskjemaet for ei tevlingsutsetjing ikkje held. At det i alle høve gjeld for denne tevlinga, slår KOFA fast, fordi det og er ein feil som oppdragsgjevaren sjølv har gjort i tevlingsunderlaget som er grunnen til at tevlinga må avlysast. Oppdragsgjevaren nytta åtte månader frå kunngjering til kontrakttildeling i den nye tevlinga som vart gjennomført,
Grov aktløyse, men forståing…
Såleis finn klagenemnda at oppdragsgjevaren i det minste har synt grov aktløyse, og at eit gebyr er på sin plass. Manglande tevling og førebyggjande omsyn grunngjev at det er naudsynt med eit relativt høgt gebyr. Men det finst formildande omstende. Oppdragsgjevaren har mellom anna synt vilje til å etterleve regelverket for offentlege innkjøp. Avtaleforlenginga gjaldt berre eit dekningskjøp fram til ny kontrakt var i hamn. Den ulovlege forlenginga varte såleis ikkje meir enn litt under åtte månader, skriv klagenemnda, som òg syner forståing for at stoda var prekær når det først synte seg at oppdragsgjevaren ikkje ville rekkje å få på plass kontrakt etter den kunngjorde tevlinga til rett tid.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)