Danskane nyttar private meir enn svenskane
Publisert 25. May 2012 09:00

Dei danske kommunane nyttar samarbeid med private leverandørar i større grad enn dei svenske. Berre på to område ligg svenskane framfor danskane: Dei nyttar funksjonskrav i fleire tevlingar, og dei er komne lenger når det gjeld å nytte elektroniske innkjøpsprosessar. Dette går fram av ein rapport som Udbudsrådet i Danmark no har lagt fram. Føremålet var å sjå nærare på om det var grunnlag for å nytte Sverige som «inspirasjonsland» når det gjeld samarbeid med leverandørar. Ikkje i den grad vi har trudd, er den danske konklusjonen.
Udbudsrådet har samanlikna tilhøva for offentleg-privat samarbeid fordi det ofte har vore slik at danskane har sett til Sverige når det gjelder å fremje tevling om offentlege oppgåver. Resultatet av samanlikningane finst i ein rapport, «Offentlig-privat samarbejde i Danmark og Sverige», som no ligg føre. Det er ikkje OPS (offentleg-privat samarbeid) i norsk forståing det gjeld – det kallast partnarskap i Danmark, og det handlar ikkje samanlikninga om, vert det presisert i rapporten.
Berre på to område, heiter det, er svenskane lenger framme enn dei offentlege oppdragsgjevarane i Danmark. Dei nyttar funksjonskrav oftare i tevlingane sine, og bruken av e-innkjøp er meir utbreidd i Sverige. Medan 45 prosent av dei svenske innkjøparane seier at dei har nytta funksjonskrav i samband med tenestekjøp med teknisk karakter, er det berre 18 prosent av danske, offentlege innkjøparar som svarar det same.56 prosent av danskane seier at dei har avgrensa kunnskap om bruk av funksjonskrav, medan det same gjer seg gjeldande for berre 33 prosent av dei svenske innkjøparane.
E-innkjøp
Når det gjeld e-innkjøp strekar Udbudsrådet under at dei svenske sentralstyresmaktene har arbeidet med å spreie kunnskap og bruk av e-innkjøp. Dei reknar med at bruk av e-innkjøp kan effektivisere innkjøpsprosessen og redusere kostnadene ved gjennomføring av innkjøp, heiter det i rapporten. Dei danske sentralstyresmaktene har ikkje arbeidd like aktivt med å fremje bruk av e-innkjøp.
På det kommunale området er graden av bruk av private leverrandørar i Danmark rekna til 19,3 prosent, medan han i Sverige ligg på 14,0 prosent. Reknemetoden er laga av Anvendt KommunalForskning (AKF) med utgangspunkt i dei kommunale kontoplanane. Det er særleg på dei tekniske områda at skilnaden er til stades. Berre på dagtilbodsområdet og folkeskoleområdet har svenskane i større grad enn danskane nytta seg av private leverandørar.
Innkjøpsmetode
Elles går det fram av samanlikninga at 89 prosent av dei svenske tevlingane nyttar open tilbodstevling som metode, medan berre 55 prosent hos dei danske tevlingane gjer det. Over 80 prosent av dei danske innkjøparane meiner at det er lovgjevinga som er den største barrieren for det offentleg-private samarbeidet. I første rekkje står forbodet mot tingingar i vegen for ein betre dialog med private leverandørar. For svenskane er det organisering og styring av tilbodsprosessane som er den største barrieren, 66 prosent av dei nemner at det er vanskeleg å lage kravspesifikasjonar og å følgje opp kontraktane i etterhand.
Det går fram av konklusjonane i samanlikninga frå Udbudsrådet at danske offentlege innkjøparar i større grad enn sine svenske kollegaer seier at dei arbeider koordiner tog strategisk med innkjøp. Like eins er det sett i verk fleire initiativ – politiske og på lovområdet – i Danmark enn i Sverige som kan støtte for offentlege oppdragsgjevarar å skape tevling i marknaden om offentlege oppgåver.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)