Skottland med rammeavtale-tiltak for SMB
Publisert 25. May 2012 09:00

Skotske offentlege oppdragsgjevarar er oppmoda til å leggje til rette for at fleire småverksemder er med i tevlingane om offentlege rammeavtalar. Nært samarbeid med leverandørmarknaden medan innkjøpsstrategien vert lagd, så enkle tevlingstilhøve som mogeleg, og minst mogeleg administrative bører er nøkkelorda i satsinga. Attåt kjem det å dele rammeavtalen opp i mindre delar, etter til dømes verdi, geografi eller fagområde. Mykje av dette har vorte freista i Skottland – med suksess.
Direktoratet i Skottland, som mellom anna har ansvaret for innkjøpspolitikk og hjelp og støtte til dei offentlege innkjøparane, har nyleg lansert eit åtte-punkt-program med tiltak som skal gje dei mindre leverandørane betre tilgjenge til den offentlege marknaden. Det er praktiske steg som kan gjere innkjøpsprosessen så «business-venleg» som mogeleg, heiter det.
Det første steget er å ta mogelege leverandørar med inn i prosessen allereie når oppdragsgjevaren utviklar innkjøpsstrategien. Innhenting av informasjon frå marknaden eller bruk av leverandørseminar er med på å gje marknaden informasjon om kva som kjem, samstundes som det er ei hjelp til innkjøparane som skal raffinere krava. Dessutan bør offentlege oppdragsgjevarar oppmuntre små-leverandørane til å kome med innovative og berekraftige løysingar i tilboda sine.
Mindre einingar
Det er ei effektiv hjelp for dei små verksemdene dersom det offentlege delar rammeavtalen opp i mindre einingar. Alt etter føremålet med avtalen, kan han delast inn etter geografiske område, ulike spesialistområde eller verdi. Då kan dei mindre føretaka kome med bod etter kapasitet, tilhaldsstad eller kompetanse.
Eit anna råd gjeld å sjå til at kvalifikasjons- eller tildelingskriteria ikkje vert så vidfemnande at dei små ikkje kan greie dei. Det kan gjelde storleiken på omsetnaden, høge krav til skadesløyseforsikringar, vide geografiske leveringskrav eller krav til å ha eitt breitt tenestespekter.
Talet på leverandørar
Både i tevlinga om å få kome på rammeavtalen og seinare i minitevlingane innanfor avtalen, bør ein oppdragsgjevar søkje å redusere dei administrative børene til små-leverandørane. Likeeins må talet på leverandørar på rammeavtalen vere i høve til kor mykje som skal leverast, slik at dei som er med, kan sjå at det er mogeleg å få oppdrag på avtalen.
Dei skotske sentralstyresmaktene gjorde for ei tid sidan ein rammeavtale som gjaldt kjøp av ulike tenester. Her hadde dei delt avtalen inn etter regionar og etter kor stor risiko det var. «Leverandørdagar» vart haldne, det vart orientert om det å byggje konsortium for å stå sterkare i tevlinga og det å vere underleverandør. Resultatet var at 15 konsortium kom på avtalen, saman med 15 mindre eller små verksemder. Dessutan var det teikna kontrakt med 33 underleverandørar.
Dei små kom
I ei anna tevling, som gjaldt utformings- og prentetenester, delte sentralstyresmaktene rammeavtalen opp i seks delar. I avtalen som vart avløyst av den nye, var det berre ein leverandør. 21 små-leverandørar vart inviterte til å kome på den nye avtalen, og av desse var 18 små.
No freistar dei skotske styresmaktene det same i samband med ein avtale om levering av biomasse. Mogelege leverandørar er spurde om informasjon om denne marknaden, og det har vore skipa til ulike fora der kjøparar og leverandørar saman har drøfta utmaningar knytte til leveringa.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)