Skriv ut

Svensk nulltoleranse mot korrupsjon

Publisert 1. June 2012 07:40

Konkurrensverket

Sverige skal ha nulltoleranse mot korrupsjon, skriv tre toppsjefar i det offentlege i ein avisartikkel, og det er særleg dei som kjøper inn på vegner av det offentlege, dei rettar seg mot. Korrupsjon og andre uetiske handlingar som fører til at skattepengane hamnar i feil lommer, skal ikkje godtakast, heiter det. Mistanke om korrupsjon i mellom anna kommunale og statlege byggoppdrag gjer dei fleste opprørde.

Det er myke aktivitet i Sverige no som gjeld å hindre korrupsjon. Riksdagen drøftar for tida eit lovframlegg, medan Riksrevisionen set i gang ei gransking av kva slags vern dei statlege styresmaktene har mot korrupsjon. Det gjeld særleg spørsmålet om korrupsjon og liknande er med i dei risikoanalysane som vert gjorde, og søkjeljoset rettast i stor grad mot dei styresmaktene som driv på område der risikoen for slikt er stor.

Samstundes har generaldirektøren for Konkurrensverket, Dan Sjöblom, sjefen for Riksenheten mot korrupsjon, Gunnar Stetler og generaldirektøren for Skatteverket, Ingmar Hansson, skrive ein artikkel til mediene om korrupsjonstrugsmåla. Her rettar dei merksemda mot dei som kjøper inn på vegner av det offentlege. Alle som handterer offentlege pengar, vert oppmoda av dei tre toppsjefane til å ta eit tydeleg ansvar for å stogge korrupsjon, kartell og fusk med reglane for offentlege innkjøp.

Nulltoleranse

Vi vil, skriv dei, ha nulltolerase mot korrupsjon, og:

- Offentlege innkjøp kan bli eit minefelt med risiko. Til ein viss grad kan minene dessutan utløysast med kvarandre. Det finst nemleg ein openberr risiko for at korrupsjon heng saman med kartell, skattefusk og fusk med innkjøpsreglane.

Òg for leverandørane kan det kome til å koste å vere med på fusk. Selskap der det har vore korrupsjon, kan stengast ute frå tevlingar om offentlege oppdrag i framtida, og vinstane dei har fått, kan takast frå dei. Dessutan kan slike aktørar verte dømde til å betale skadebot. Dersom ein offentleg oppdragsgjevar vert teken for ulovleg direktekjøp, kan det òg ramme leverandøren ved at kontrakten vert kjend ulovleg. Då vert dei investeringane som føretaket har gjort i samband med kontrakten, brått utan verdi.

Næringsforbod

Det kan òg vere at eit selskap har vore med i eit kartell, og då kan ei bot for å ha gjort skade på tevlingane i marknaden, ramme. Personar i leiande stillingar i slike føretak kan i slike samanhengar vorte dømde til næringsforbod.

-Førebyggjande arbeid kravst for å kome fusk og korrupsjon til livs, held dei tre toppsjefane fram. Det er eit felles ansvar hos private føretak og offentlege aktørar. Eit døme på førebyggjande arbeid er når den offentlege innkjøparen skaffar seg informasjon frå Skatteverket om ein tilbydar ikkje har betalt skattar og avgifter.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Riksdagen

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Korrupsjon, Regelverk, Tiltak

Geografiske områder

Sverige

Annet

Gransking, Revisjon, Risiko

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]