Skriv ut

Heit prinsippstrid om rammavtale-avrop

Publisert 22. June 2012 07:45

Konkurrensverket

I Sverige har eit prinsippspørsmål for domstolen ført til open strid og usemje mellom to sentrale aktørar i offentlege innkjøp – innkjøpssentralen til kommune-Sverige og tevlingsstyresmaktene, Konkurrensverket. Striden gjeld om ein i eit tevlingsunderlag for rammeavtale kan liste opp mogelege brukarar av avtalen sjølv om dei på førehand ikkje aktivt har sagt ja til det. Nei, seier Konkurrensverket, ja, seier innkjøpsentralen. I botnen gjeld spørsmålet korleis ein innkjøpssentral skal arbeide.

SKL Kommentus Inköpscentral AB (SKI) er ein del av eit konsern som i hovudsak er eigd av Sveriges kommuner och Landsting, den svenske systerorganisasjonen til KS her heime. Sentralen gjer rammeavtalar for landsting (fylkeskommunar), kommunar og kommunale føretak. No held sentralen på med ei EU/EØS-tevling som gjeld rammeavtale for kjøp av skrivarar og kopimaskinar, og ein leverandør, Toshiba TEC Nordic AS har klaga tevlinga inn for domstolane i Sverige. Det er förvaltingsrätten i Stockholm som har saka, og Konkurrensverket vart beden om å kome med ei fråsegn. Innhaldet førde til open strid mellom to av dei som kan mest om offentlege innkjøp i Sverige – tevlingsstyresmaktene og den nemnde innkjøpsentralen.

To lister

I tevlingsunderlaget har sentralen to lister: Den eine femner om 69 kommunar og eit landsting, som på førehand har sagt at dei ønskjer å vere på rammeavtalen – anten frå byrjinga eller seinare. Det meiner Konkurrensverket er slik lover og reglar gjev høve til. Men innkjøpssentralen har òg med ei anna liste i tevlingsunderlaget, og ho inneheld 1 077 offentlege oppdragsgjevarar som ikkje på førehand har meldt interesse for å vere med på avtalen. Men i tevlingsunderlaget går det fram at desse undervegs kan ta til å nytte avtalen. Det meiner Konkurrensverket er i strid med regelverket.

Det er ikkje tillete å gje ei liste over oppdragsgjevarar som kan komme til å nytte avtalen når dei på førehand ikkje aktivt har sagt ja til det eller på andre måtar kan reknast til dei som kjem til å nytte avtalen, hevdar Konkurrensverket i fråsegna si til domstolen. Konkurrensverket gjer òg merksam på at det framleis ikkje er rettspraksis frå EU-domstolen når det gjeld korleis tevlingar om rammeavtaler skal tolkast.

Ikkje samde

SKI Kommentus Inköpscentral er ikkje samd med Konkurrensverket, og meiner at tolkinga deira inneber at dei gjer det vanskeleg for den eine forma for innkjøpsprosess for innkjøpssentralar. Dette er svært alvorleg, heiter det, og det vil ta svensk offentleg innkjøp attende til den tida då det var innkjøpssamarbeid med omfattande administrasjon. Sentralen peikar òg på det som er eit hovudpunkt i dei nye framlegga til EU-direktiv, nemleg mest mogeleg enkel innkjøpsprosess. Dessutan, skriv innkjøpssentralen i ei pressemelding, at förvaltingsrätten i Stockholm tidligare har godteke den måten sentralen arbeidar på, like eins finn dei støtte i den proposisjonen frå regjering og lagråd som nyleg var drøfta i Riksdagen om kjøp frå eige føretak.

Innkjøpssentralen legg for tida planer om framtidig organisering av innkjøp som skal gjere det enklast mogeleg for kommunar, landsting og regionar. I den prosessen er heile kommune-Sverige inviterte til å vere med, heiter det.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

Innkjøpssentral

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Domstol, Rammeavtale, Regelbrudd, Regelverk

Geografiske områder

Sverige

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]