Vonbrot over at treskelverdiane ikkje vert auka
Publisert 29. June 2012 07:00

Det er eit vonbrot at ikkje treskelverdiane vert lyfte opp på eit høgare nivå. Det må no vere eit prioritert føremål ved dei komande tingingar om ein ny avtale om offentlege innkjøp i verdshandelsorganisasjonen. Dette går fram av ei tilråding til eit møte i regionnemnda i EU. Her vert EU-kommisjonen sterkt kritisert for at det nye framlegget til innkjøpsdirektiv er vanskeleg å forstå og svært så detaljert.
I desse dagar drøftar regionnemnda i EU framlegget til endra reglar for offentlege innkjøp, og til grunn ligg eit utkast til fråsegn. Her går det fram at nemnda meiner at det er eit enklare regelverk som trengst, men at regelframlegget frå EU-kommisjonen ikkje er det. Framlegget er vanskeleg å forstå og svært så detaljert, heiter det, og det går mot intensjonen om å forenkle reglane. Det kjem til å føre med seg ei administrativ bør for oppdragsgjevarar som ikkje kan godtakast i det heile. Særskilt gjeld det mindre verksemder på lokalt og regionalt nivå, heiter det.
Framlegget frå EU-kommisjonen vert òg kritisert for å vere meir oppteke av forma enn av resultatet av kjøpet. I mykje større grad, heiter det i tilrådinga til regionnemnda, burde reglane i mykje større grad gjelde «valuta for pengane». Føremålet med reglane er i første rekkje å sjå til at eit innkjøp får eit resultat som innbyggarane, kjøparane og seljarane er nøgde med. Enklare reglar som er lette å skjøne kan dessutan vere ei hjelp til å fremje handel over landegrensene, går det fram av innspelet til regionnemnda.
Treskelverdiane
Tilrådinga til regionnemnda er elles vonbroten over at treskelverdiane vert lyft opp på eit høgare nivå. Ved dei neste tingingane om innhaldet i reglane for offentlege innkjøp som verdshandelsorganisasjonen har, må ein prioritere å auke treskelverdiane. Berre ein liten del av dei offentlege innkjøpa går på tvers av landegrensene, og med tanke på den administrative børa som ligg på leverandørar og offentlege oppdragsgjevarar, er det ikkje naudsynt å ha treskelverdiar på eit så lågt nivå som i dag, heiter det.
Nemnda vert invitert til å vere positiv til meir bruk av tingingar, men til å seie nei til framlegget om at det skal vere tvungent å dele opp kontraktar. Heller ikkje vert nemnda rådd til å stille krav om at oppdragsgjevaren skal gjere greie for kvifor ein kontrakt ikkje vert delt opp. Bra er det på den andre sida at oppdragsgjevarar lokalt og regionalt skal få eit enklare system ved at dei kan kunngjere på førehand det dei planlegg å tevlingsutsetje, likeeins er det positivt å satse på bruk av elektroniske innkjøp. Men, heiter det, å gjere bruk av elektroniske innkjøp obligatorisk innan to år er å gå mykje for fort fram. Det gjeld særskilt for dei små føretaka.
A- og B-tenester
Mellom dei andre innspela til møtet i nemnda, er framlegget om framleis å nytte skilde A- og B-tenester, og tilsvarande å nytte lågaste pris som tildelingskriterium. Innkjøp til lågaste pris treng ikkje innebere at oppdragsgjevarane ikkje stiller kvalitetskrav. Ved slike innkjøp vert kvalitetskrava obligatoriske, og det bodet som oppfyller desse krava til lågaste pris, vert valt.
At framlegget om nasjonale tilsynsorgan ikkje har vore på høyring, eller i samråd, med lokale og regionale styresmakter, får kritikk. Framlegget er i strid med retten som medlemsstatane har til å organisere si eiga forvalting, går det fram av utkastet til vedtak i nemnda.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Næringer, sektorer og bransjer
Avtaler, retningslinjer og lovgivning
Forenkling, Forhandlinger, Pris, Regelverk, Terskelverdi

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)