Skriv ut

Stor prisskilnad ved tevlingsutsetjing

Publisert 29. June 2012 07:00

Konkurrensverket

Ein vanleg laboratorieanalyse kostar 33,57 SEK på det dyraste i Sverige, den same på det billegaste 4,31. Den siste prisen finst der slike tenester har vore tevlingsutsett, den andre der tenestene ikkje har vore innom tevling i marknaden. Dette går fram av ei kartlegging som Konkurrensverket nyleg har gjort, og som òg syner at kvalitetskrava vert tydelegare når tenestene vert tevlingsutsett.

I Sverige har dei eit innkjøpsregelverk for valfridom, loven om valfridomssystem. Konkurrensverket har som oppgåve å føre tilsyn med praktiseringa av denne lova, og nyleg kom ein rapport med resultata frå ei kartlegging som tevlingsstyresmaktene hadde gjort som ein del av tilsynsansvaret. Rapporten «Konkurrens innom laboratorietjänster» fortel om dei faktorane som er avgjerande for prissettinga. Like eins om kva som er mogeleg for dei som driv helseomsorg når det gjeld å velje leverandør av laboratorietenester.

Prising av tenestene

Konkurrensverket har sett på nokre vanlege laboratorietenester som vert tinga av primærhelsetenesta i seks landsting (tilsvarande våre fylkeskommunar). Det gjeld prisen for kvar teneste og dei faktorane som er avgjerande for prisane. Tevling leiar til at laboratoria tilpassar seg å betre til det som primærhelsetenesta treng, er ein av konklusjonane. Ein annan er at tevlingsutsetjing er ein nøkkelfaktor til lågare prisar. Dessutan at ein innkjøpsprosess leiar fram til at kvalitetskrava vert tydelegare. Og eit par konklusjonar til:

• Dei IT-systema som landstinget har, påverkar høvet til å etablere seg, og
• Sjå til at det vert tevlingsnøytralitet mellom dei ulike laboratoria.

Konkurrensverket fann òg eit og anna i tevlingsunderlaga som ikkje helt var i pakt med valfridomslova når det gjeld vilkåra for laboratorietenestene og anna medisinsk teneste. Dette skal vi følgje opp og ta fatt i mogelege brot på reglane, heiter det frå Konkurrensverket. Ein del av tevlingsunder inneheld uklare vilkår for mellom anna laboratorietenester. Einskilde tevlingsunderlag er heilt utan informasjon om vilkår. Fleire tevlingsunderlag skil pasientnære analysar frå laboratorietenester elles. Valfridomen vert då større for primærhelsetenesta når det gjeld dei pasientnære enn dei andre analysane.

Avgrensing i valfridomen

I elleve av landstinga finst inga avgrensing i valet av laboratorieleverandør. I dei andre er valfridomen heilt eller delvis avgrensa. Men òg i dei landstinga der det er fritt val, kan det vere at valfridomen vert avgrensa av krav til til dømes IKT- eller journalsystem. Det er vanleg å kople saman journalsystem med laboratorie- og biletsystem, og då må primærhelsetenesta tilpassa seg den infrastrukturen som landstinget har.

Prisane er lågare i dei landstinga der laboratorietenestene har vore tevlingsutsett samanlikna med dei landstinga som ikkje har gjennomført ein slik prosess. Utviklinga mot auka bruk av tevling i marknaden har gjort at laboratoriverksemda no er meir tilpassa det som primærhelsetenesta treng. Framleis vert dei fleste laboratoria drive av landstinget. Alternativ finst i første rekkje der verksemda har vore tevlingsutsett. Konkurrensverket trur det er plass for fleire aktørar i denne marknaden.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Næringer, sektorer og bransjer

Tjenester

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Fritt valg, Konkurranseutsetting, Pris

Geografiske områder

Sverige

Produktklassifisering

Rapport

Annet

Kvalitet, Valgfrihet

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]