Skriv ut

Ber om meir totalentreprise og funksjonskrav

Publisert 10. August 2012 08:00

Trafikverket

Meir bruk av totalentreprise og utvikling av bruk av funksjonskrav er mellom dei framlegga som no vert lansert i Sverige for å fremje auka produktivitet og meir innovasjon i veg- og banebygginga. Like eins er det naudsynt at dei som kjøper på vegner av byggherren Trafikverket, har god oversikt og ser til at det vert god nok tid for leverandøren frå kontrakttildeling til anlegget skal byrje.

Rett før sommaren kom tilrådinga frå den svenske «Produktivitetskommittén»: «Vägar til förbettrad produktivitet och innovationsgrad i anläggningsbranschen» (SOU 2012:39). Nemnda har identifisert tre sentrale område for å få til ei fornying i bransjen: Han som kjøper, må ha ein rimelig bra oversikt når det gjeld planlegging av prosjekt og innkjøp i tida framover, det trengst meir bruk av totalentreprisar og anleggsdrifta må verte meir industriell.

Mellom dei konkrete framlegga i tilrådinga, går det fram at Trafikverket bør tidleg kome i gang med innkjøpa og gje leverandørane lengre tid mellom tildeling av kontrakt og starttidspunktet for arbeidet. Dei som skal tinge, bør i større gard enn i dag nyttast aktivt som eit instrument for å gje entreprenørane og teknikkonsulentane føresetnader for meir effektiv produksjon.

Funksjonskrav

Arbeidet med å utvikle funksjonskrav og mogelege kontrollmetodar bør intensiverast, heiter det, og støttefunksjonen i Trafikverket i samband med val av forretningsform bør utviklast. Nemnda strekar dessutan under prinsippa for det som skal vere ansvaret til tingaren og kva som er venta at leverandøren skal kalkulere av risiko.

Nemnda tek og til orde for at bruken av totalentreprisar vert auka til om lag halvparten av det samla investeringsvolumet fram til 2018. Eit anna tiltak er å evaluere totalentreprisar der lange avtalar om drift og vedlikehald er med, samstundes som det vert nytta slike lange avtaler der det eignar seg. Trafikverket bør leggje til rette for systematisk evaluering av anleggsprosjekta og korleis innkjøpa i samband med desse vert gjennomført. Ein strukturert leveransekontroll og handtering av røynsler er òg ein del av tilrådingane frå «Produktivitetskommittén».

Totalentreprisar

Røynsler frå Sverige og utlandet peikar i retning av at totalentrepriseforma leiar til at prosjekterings- og byggfasen vert snøggare gjennomført, at kostnadsauken vert mindre, at forseinkingar kjem i mindre grad og at kvaliteten er like bra eller betre, skriv nemnda.

Bruk av BIM er teken opp i nemnda, og Trafikverket vert oppmoda til å lage retningsliner for slik bruk ved innkjøp av prosjekteringsoppdrag. I samband med dette rår nemnda til at Trafikverket nyttar standardar og prosessar som er vanlege i bransjen. BIM tyder bygningsinformasjonsmodellar eller bygningsinformasjonsmodellering, og er ein arbeidsmetode som kviler på bruk av IKT med open kjeldekode.

Den svenske staten kjøper investeringar og vedlikehald av vegar og jernbane for 30 milliardar kroner kvart år.

Den svenske utgreiinga finn du her.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Personer

Entreprenør

Næringer, sektorer og bransjer

Bygg og anlegg, Vedlikehold

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Entreprise

Geografiske områder

Sverige

Annet

Investering, Prosjekt, Utredning

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]