Skriv ut

Forsvarskjøp-direktiv gav purrerunde i EU

Publisert 17. August 2012 09:00

EU-flagg

Så å seie kvar månad i år fram til og med juni fekk eit eller fleire EU-medlemsland purring frå Kommisjonen. Nær kvart tredje medlemsland vart beden om å gjere det nye forsvarskjøp-direktivet til eiga nasjonal lovgjeving. Purringa byrja omlag eit halvår etter at fristen for denne såkalla «implementeringa» gjekk ut. Men så er det ikkje kva direktiv som helst, det gjeld prestisjeleverandørar og redsla for å hamne langt bak kollegaene i USA.

Direktivet skulle vore ein del av dei nasjonale reglane i medlemslanda innan 20. august førre året, men i heile år har Kommisjonen med jamne mellomrom truga fleire medlemsland med EU-domstolen fordi dei ikkje har levd opp til fristen. Kommisjonen skriv at det òg kan kome på tale med skadebot for desse medlemslanda.

Først fekk Tyskland og Nederland ei slik melding frå Kommisjonen, og nokre månader etter kom turen til Bulgaria og Luxembourg. Storbritannia – rett nok berre for området Gibraltar, fekk ei streng påminning nokre veker etterpå, og i mai var det Austerrike og Polen som fekk brev frå EU-Kommisjonen. For Austerrike gjeld det at direktivet ikkje har vorte innførd i Carinthia. Rett før sommarferien vart eit tilsvarande brev sendt til Slovenia.

Grunngjeven meining

I alle tilfella gjeld det ei såkalla «reasoned opinion», det vil seie at EU-kommisjonen har gjort seg opp ei meining i saka. Kvart land skal innan to månader gjere greie for kva dei vil gjere for å gjere forsvarsdirektivet til ein del av deira nasjonale lovgjeving. Kjem ikkje noko slik, er EU-domstolen neste steg.

Direktivet opnar for prosedyrar som kan nyttast ved kjøp av militært utstyr med tilhøyrande tenester og bygg og anlegg, og for liknande utstyr som treng særskilt tryggingsvern. Her finst òg reglar som tryggjar levering til rett tid, særskilt i krisetider og ved væpna konfliktar. Vanleg materiell, slik som i dei fleste høve også sivile nyttar, skal framleis kjøpast inn etter dei vanlege innkjøpsreglane for det offentlege. Det finst i tillegg strategiske, komplekse kjøp som nasjonane dessutan ønskjer å halde helt utanfor innkjøpsrutinane til EU.

Føremål

Det nye direktivet har to overordna føremål. Det eine er å opne opp den militære marknaden i Europa, slik at ressursane i denne industrien kan nyttast meir effektivt og verte meir tevlefør samanlikna med til dømes forsvarsindustrien i USA. Det andre føremålet er å leggje spelereglar for slike kjøp, ettersom det etter kvart vart svært mange unntak frå dei vanlege innkjøpsreglane, dels for å verne eigen industri, dels for å sleppe å følgje dei vidfemnande prosedyrane i det vanlege innkjøpsregelverket.

Såleis er drivkrafta bak purringane frå EU-kommisjonen ikkje berre at ein frist er gått ut, og at reglane som skal gjere Europa til ein marknad, såleis ikkje verkar som dei skal. Her gjeld det omsyn til ein viktig industri, som kvart land er oppteken av, og til tevlingstilhøva med kollegaene i USA. Det gjeld teknologiutvikling, pengeinntening og nasjonal prestisje.

Temaramme

Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.

Virksomheter

EU-kommisjonen

Avtaler, retningslinjer og lovgivning

Bøter, Direktiv, Sanksjoner

Produktklassifisering

Forsvarskjøp

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]