Skriv ut

Forbod mot kontrakt

Publisert 19. November 2004 09:00

Tevlingsunderlaget frå Bodø kommune var ikkje klart nok, og derfor la Salten tingrett ned forbod mot å skrive under kontrakten. Det gjaldt ein stor breibandskontrakt, og det var ein tilbydar som ikkje var med i tevlinga, som fekk retten til å stogge kontrakten. Kommunen kan no anten kunngjere ei ny tevling, eller vente på å bli trekt for retten endå ein gong – no for å få den gjennomførde tilbodstevlinga kjend daud og makteslaus.

Utgangspunktet er at Bodø kommune ønskjer å etablere ein høgteknologisk høgfartsstamveg mellom Bodø og Skjerstad frå komande årsskifte. Prosjektet har vore ute på tilbodstevling, der tre tilbydarar var med. Salten Bredbånd vart vald og skulle ha fått kontrakten.

Men ein leverandør som ikkje var med i tevlinga, Catch, bad tingretten leggje ned forbod mot å skrive under avtalen. Mellom dei som var med i tevlinga, trekte ein av dei seg undervegs då det gjekk opp for føretaket kva tilbodstevlinga eigentleg gjekk ut på. Telenor, som var den tredje deltakaren, meinte på si side at dei hadde det billegaste bodet og har protestert mot kontrakttildelinga. Tilbodet frå Salten Bredbånd var på 30 millionar kroner, medan Telenor hadde prisa sitt bod til 70 millionar kroner.

Fleire selskap valde å ikkje vere med i tevlinga, mellom dei Catch. IT Partner var heller ikkje med, men dei har teke til orde for ei ny tilbodstevling.

Forbod frå retten

Salten tingrett la ned forbod mot å skrive under avtalen. Tilbodstevlinga vart formulert på ein måte som gjorde at det var vanskeleg å skjøne omfanget av kontrakten og kva slags krav som vart stilte til funksjon og kapasitet. Opsjonsbolken var vidfemnande og utydeleg formulert, heiter det, og det er ikkje klargjort stad eller kor mange brukarstader kommunen treng. Tevlingsunderlaget var utforma slik at det ville vere vanskeleg å samanlikne tilbydarane, skriv retten, og vilkåra i lov om offentlege innkjøp om pålitelege framskrivingar, gjennomskinlege tilhøve og etterprøving er ikkje oppfylte.

Førebels er det berre underskrivinga av kontrakten som er stogga. Catch har ein månad på seg til å trekkje kommunen for retten, om ønskjeleg, for å prøve om tilbodstevlinga held mål. Om kommunen i mellomtida vel å setje ein strek over tevlinga for så å kunngjere ei ny tevling, kjem det ikkje til noka rettssak.

(Bodø Bredbånd DomstolKonkurranseunderlag)

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]