OPS gjev hovudbry
Publisert 21. October 2005 09:00
Stortinget vil ikkje at private som motyting gjennom utbyggingsavtalar skal finansiere sosial infrastruktur for kommunane. Offentleg-privat samarbeid (OPS) vert då ei utmaning. Kvar går grensa mellom ein utbyggingsavtale og ein OPS-avtale? Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) freistar i eit høyringsnotat å trekkje ei grense, men det byr på mykje hovudbry.
For ei tid sidan handsama Stortinget eit framlegg frå KRD om kommunale utbyggingsavtalar. Slike avtalar er gjerne mellom kommunen og ein privat utbyggjar, og den private utbyggjaren eig kanskje eit tomteområde som han ønskjer å få bygt ut, eller det kan vere ein entreprenør som er på jakt etter noko å byggje ut. Opp gjennom åra har det vorte slik at kommunane i slike avtalar har sett sitt snitt til å få den interesserte private partnaren til samstundes å finansiere ønskt sosial infrastruktur som ei motyting mot å få byggje. Dårleg råd i kommunane har vore drivkrafta. Men no har Stortinget sett ein stoppar for slikt. Dei vil ikkje ha ordningar som gjer at det offentlege kan påleggje det private å finansiere sosial infrastruktur som det ligg til det offentlege å betale.
Då dette var oppe i Stortinget, kom det fram at dei folkevalde ønskte seg klarare reglar for kva det kan og ikkje kan krevjast bidrag for.Med bidrag er her meint økonomiske eller tekniske ytingar frå private til føremål som kommunen eigentleg skal syte for.
På høyring
KRD har no på høyring eit framlegg til korleis ein kan vere mest mogeleg presis i kva det ikkje skal vere lov å gje private bidrag til i ein utbyggingsavtale. Det gjeld barnehagar, skolar, sjukeheimar eller andre liknande tilbod som er ein del av det lovpålagde kommunale tenestetilbodet, eller som i hovudsak vert finansiert av det offentlege.
Då melder spørsmålet om OPS (offentleg-privat samarbeid) seg. Nokre utgåver av OPS ligg, meiner departementet, innanfor definisjonen av ein utbyggingsavtale og vert råka av dei forboda som det no vert gjort framlegg om. For å finne ut om ein OPS-avtale er ein utbyggingsavtale, må ein sjå på innhaldet. Dersom det ikkje finst noko som tyder på at utbyggjaren skal kome med ei motyting, bør ein ikkje sjå på OPS-avtalen som ein utbyggingsavtale.
OPS-kriterium
Eit mogeleg kriterium for om ein OPS-avtale eller andre liknande avtalar skal falle inn under forbodet eller ikkje, skriv departementet, kan vere graden av offentleg styring. Det normale utgangspunktet for ein OPS-avtale er at kommunen står for heile finansieringa rekna over det samla tidsrommet som avtalen gjeld for, slik at avtalen normalt ikkje inneheld noka økonomisk overføring frå utbyggjaren til kommunen. Slike avtalar bør derfor ikkje kome inn under det forbodet som ein no gjer framlegg om, etter det departementet meiner. Men det kan kome kombinerte avtalar der ein utbyggjar til dømes gjer ein OPS-avtale med kommunen og får føremonene av inntening gjennom drifta, og såleis hjelper kommunen med lån til redusert rente. Slike avtalar kan bli råka av forbodet.
Departementet slår fast at dersom drifta høyrer med i det lovpålagde offentlege tenestetilbodet, bør det ikkje leggjast avgjerande vekt på om det er det offentlege eller den private partnaren som står for drifta.Dersom det er slik, er det forbod som i utgangspunktet gjeld, heiter det.
Temaramme
Temarammen gir deg mulighet til å lese mer om de temaene som er omtalt i denne artikkelen. Klikk på en lenke for å vise flere artikler innen samme temaområde.
Virksomheter
Kommunal- og regionaldepartementet

![Validate my RSS feed [Valid RSS]](/grafikk/valid-rss.png)