Skriv ut

Ba om Intel – straff trugar

Publisert 7. May 2004 09:00

EU-kommisjonen har teke fatt i medlemsland som har kunngjort IKT-kontraktar der det går fram at det i maskinvara skal vere Intel-brikker. Kommisjonen har peika på at dette ikkje er etter reglane, og oppmodar landa om å sjå til at kontraktane også opnar for andre produsentar av databrikker. Dersom dei ikkje rettar seg etter EU-kommisjonen i denne saka, heiter det, kan dei bli trekte for EF-domstolen. Innkjøpsreglane er tydelege på at offentlege oppdragsgjevarar ikkje har lov til å be om eit produkt frå ein bestemd namngjeven produsent eller eit særskilt merke.

Det er Tyskland og Italia som har fått brev om saka. EU-kommisjonen har sendt dei eit «letter of formal notice», som er første steget i ei gransking. Innan mai månad er over skal dei to landa svare for seg og kome fram med dei dokumenta som er naudsynte for Kommisjonen i den vidare granskinga.

Dei to landa kan kome til å få selskap med andre. For tida granskar EU-kommisjonen tilsvarande kontraktar i Nederland, Belgia, Frankrike, Austerrike og Finland. Kommisjonen har dessutan sett sine auge på Sverige, men her kan det syne seg at landet har sitt på det tørre. I kravspesifikasjonane har dei skrive at dei er på jakt etter produkt som «svarar til dei som Intel» produserer, skriv nyhendebrevet The Register.

(Intel EU-kommisjonen Regelbrudd)

Tilbake

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS! [Valid RSS]